Milutin Milanković () var ein serbisk matematikar, astronom, klimatolog, geofysikar og sivilingeniør.
Milanković var professor i Beograd frå 1909 og direktør ved observatoriet der. Han arbeidde med termodynamiske og klimatologiske emne og er kjent for undersøkingane sine av klimaendringar på grunn av variasjonar i stillinga til jorda og banen i forhold til sola. Han stilte opp ein kurve med tanke på istidsinndelinga, Milanković-syklusane, for endringar i solstrålingsintensitet over dei siste 600 000 år (seinare utvida til 1 million år).
Krateret Milankovic på den andre sida av månen er namnsett etter han. Det same er eit krater på Mars.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Serbiske astronomar Kategori:Serbiske klimatologar Kategori:Serbiske geofysikarar Kategori:Serbiske matematikarar Kategori:Serbiske sivilingeniørar Kategori:Serbiske sakprosaforfattarar Kategori:Serbiske science fiction-forfattarar Kategori:Folk frå Erdut Kategori:Serbarar frå Kroatia Kategori:Tilsette ved Universitetet i Beograd Kategori:Astronomar på 1900-talet