Van Maanen-stjerna (van Maanen 2) er ein kvit dverg. Ho er ein tett, kompakt stjernerest som ikkje lenger genererer energi og har kring 68 % av massen til sola, men berre kring 1,1 % av solradien. Av alle dei kvite dvergane ein kjenner til, er ho den tredje nærmaste til sola, etter Sirius B og Procyon B, og den nærmaste einsame kvite dvergen. Ho vart oppdaga i 1917 av den nederlansk-amerikanske astronomen Adriaan van Maanen, Van Maanen-stjerna var den tredje kvite dvergstjerna som vart oppdaga, etter 40 Eridani B og Sirius B, og den første som ikkje var eit medlem av eit fleirstjernesystem.
mini|Illustrasjon i kvit dverg. Van Maanen-stjerna ligg 13,9 lysår frå sola i stjernebiletet Fiskane, kring 2° sør stjerna Delta Piscium, og har relativt høg eigenrørsle på 2,98 bogesekund i året. Ho er for lyssvak til at ein kan sjå ho med det nakne auga. Som andre kvite dvergar er ho særs tett og massen er estimert til å vere kring 63 % av solmassen, men berre kring 1 % av solradien. Den ytre atmosfæren har ein temperatur på kring 6 220 K, som er relativt kjølig til å vere ein kvit dverg. Sidan alle kvite dvertar gradvis stråler bort varmen sin over tid, kan temperaturen nyttast til å estimere alderen hennar, som er trudd å vere kring 3 milliardar år.
Sjå òg næraste stjerner
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Van Maanen's Star» frå , den 13. juli 2016.
Bakgrunnsstoff http://www.richweb.f9.co.uk/astro/nearby_stars.htm
Kategori:Fiskane Kategori:Kvite dvergar 003829 0035 Kategori:Objekt mindre enn 100 lysår frå jorda