Eberhart Jensen () var ein norsk astronom.
Jensen var professor i astronomi ved Universitetet i Oslo frå 1965 til 1992. Dei vitskaplege arbeida hans var innan plasmafysikk og observasjonell og teoretisk solfysikk.
Eberhart Jensen byrja å studere realfag ved Universitetet i Oslo i 1942, men studia vart avbrotne då universitetet vart stengt i 1943, og Eberhart Jensen var blant studentane som vart sende til konsentrasjonsleirar i Tyskland. Han vart cand.real. med hovudfag i astronomi i 1949 (rettleiaren hans var Svein Rosseland) og var deretter doktorgradsstudent ved University of Chicago med Subramanyan Chandrasekhar som rettleiar. Han fekk graden Ph.D. der i 1953. Han var universitetslektor ved Institutt for teoretisk astrofysikk ved Universitetet i Oslo frå 1959, dosent frå 1961 og vart utnemnd til professor i astronomi 1965.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Eberhart Jensen» frå , den 16. juli 2016.
Kategori:Norske astronomar Kategori:Norske almanakkredaktørar Kategori:Folk frå Røyken Kategori:Professorar ved Universitetet i Oslo Kategori:Astronomar på 1900-talet Kategori:Elevar ved Universitetet i Oslo Kategori:Elevar ved Universitety of Chicago Kategori:Medlemmar av Det Norske Videnskaps-Akademi Kategori:Konsentrasjonsleiroverlevande