Smal smaragdgullkvefs (Elampus panzeri) er ein gullkvefs i slekta smaragdgullkvefsar som gjerne er å finna på tørre sandområde. Han snyltar truleg på gravekvefsar i slekta Mimesa og vitjar ofte blomar. Arten skil seg frå dei andre artane i slekta på lamellen på siste ryggleddet som er hesteskoforma med eit djupt søkk.

I Noreg finst arten i heile Sør-Noreg der han kan finnast i juni. Han er ikkje påvist i Trøndelag.

mini|Smal smaragdgullkvefs

Kjelder

Referansar

Kategori:Gullkvefsar