Periklis Iakovakis () er ein gresk tidlegare friidrettsutøvar frå Patras som vart europameister på langhekken i 2006, og vann bronsemedaljen i øvinga under friidretts-VM 2003.

Aktiv Iakovakis tok steget opp mot verdseliten på 400 meter hekk då han i 2001-sesongen vart klokka inn på 48,87 sekundar. Året etter forbetra han den personlege rekorden til 48,66, og han kom på femteplass i friidretts-EM i München. Under verdsmeisterskapen 2003 vann han sitt semifinalefelt på gresk rekord, 48,17. I finalen tok han bronsemedaljen på sterke 48,24, like bak sølvmedaljøren, men nesten sekundet bak den suverene verdsmeisteren, Félix Sánchez.

I mai 2006 sprengde Iakovakis 48-sekundsgrensa for fyrste gong. Han kom i Osaka i mål til 47,82 sekundar. Under europameisterskapen i Göteborg i august månad vann han gullet etter 48,46 sekundar. Like etter EM fekk han notert 47,92 då hann sigra i Weltklasse-stemnet i Zürich.

Også i åra etter 2006 heldt Iakovakis fram med å kvalifisere seg til finalane på 400 m hekk i dei store meisterskapane, utan å kunne innkassere medaljar. Etter 2010-sesongen presterte han på eit lægre nivå, og la bort løpsskorne då Sommar-OL i London var over.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 1999 i Sevilla: Utslått i forsøka (nr 17 – 49,53) OL 2000 i Sydney: Utslått i forsøka (nr 25 – 50,20) VM 2001 i Edmonton: Utslått i semifinalane (nr 14 – 49,38) EM 2002 i München: Nr 5 – 49,07 VM i 2003 i Paris: Bronsemedalje – 48,24 OL 2004 i Aten: Utslått i semifinalane (nr 11 – 48,47) VM i 2005 i Helsinki: Utslått i semifinalane (nr 13 – 49,28) EM 2006 i Göteborg: Gullmedalje – 48,46, framom Marek Plawgo (48,71) VM 2007 i Osaka: Nr 6 – 49,25 OL 2008 i Beijing: Nr 8 – 49,96 VM 2009 i Berlin: Nr 5 – 48,42 EM 2010 i Barcelona: Nr 5 – 49,38 EM 2012 i Helsinki: Nr 8 – 50,57 OL 2012 i London: Utslått i forsøka (nr 32 – 50,27)

Personlege rekordar og årsbeste År 1997 1998 1999 2000 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 Tid 51,6 49,82 49,53 49,35 48,87 48,66 48,17 48,47 48,24 47,82 48,35 48,69 48,42 49,38

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Periklis Iakovakis» frå , den 17. juli 2016.

World Athletics

Kategori:Greske hekkeløparar Kategori:Greske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000 Kategori:Greske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004 Kategori:Greske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Greske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 1999 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2001 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2002 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2003 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2005 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2006 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2007 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2009 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2010 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2012