«Body Language» (trykt som «Body Language ↑⬱") er ein dance/funk-song av det britiske rockebandet Queen frå 1982. Han vart skriven av frontmannen Freddie Mercury og vart ein hit i Nord-Amerika, der han vart mykje spelt på radio. Singelen selde heller dårleg i heimlandet Storbritannia. Songen var den andre singelen frå albumet Hot Space. I ei melding for Rolling Stone skildra John Milward songen som «eit stykke funk som ikkje er gøy».
Historie Etter den massive suksessen med «Another One Bites the Dust» vart Queen inspirert til å ta eit steg til side for rockerøtene sine tidleg i 1980-åra og eksperimenterte med disco, funk og soul. «Body Language» og albumet Hot Space var resultat av denne endringa. «Body Language» er kjend for å nesten ikkje bruke gitarar. Det vert nytta atmosfæriske gitarakkordar på songen, og eit kort riff på to notar under avslutninga. Songen er minimal, med enkel produksjon og vekt på «megetsigande» tekst, ein synthbass og Freddie Mercury sine stønn. Songen vart spelt nokre få gonger under Hot Space-turneen i Europa. Han fekk ofte lunken mottaking, men på konsertane vart han spelt i eit anna arrangement enn studioversjonen. Songen vart spelt mykje oftare på den amerikanske delen av turneen, der songen var ein større salssuksess.
Lister LandPlasseringStorbritannia25Australia28Canada1Tyskland27Italia13New Zealand19Polen3Sverige10Nederland6USA11
Reaksjon Dei drastiske endringane gjorde at singelen ikkje nådde høgare enn 25. plassen i Storbritannia. I USA nådde singelen 11. plassen på Billboard Hot 100 og 30. plassen på soullista.
Den tilhøyrande musikkvideoen førte til mange kontroversar med erotiske undertonar og mykje hud og sveitte. Dette vart rekna ikkje rekna som høvande for fjernsyn i 1982. Musikkvideoen vart annonsert som «den første musikkvideoen som vart bannlyst frå MTV», og står oppført i Guinnes rekordbok som dette.
Medverkande Freddie Mercury - solo- og korvokal, synthesizer, trommemaskin, synthbass Brian May - elektrisk gitar Roger Taylor - elektroniske trommer
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Body Language (Queen song)» frå , den 19. juli 2016. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Tekst på den offisielle nettsida til Queen
Kategori:Queen-songar Kategori:Singlar frå 1982 Kategori:Songar skrivne av Freddie Mercury Kategori:Songar om seksualitet Kategori:Songar produserte av Reinhold Mack Kategori:Elektra Records-singlar Kategori:EMI Records-singlar Kategori:Hollywood Records-singlar Kategori:Funk-songar