«Hammer to Fall» er ein song frå 1984 av det britiske rockebandet Queen. Han var skriven av gitaristen Brian May og er den åttande songen på albumet The Works.The Works Ultimate Queen. Henta 29. juni 2016

Han var den fjerde og siste singelen frå albumet. Singelversjonen vart korta ned 30 sekund frå versjonen på albumet. Songen minnar om tidlege Queen-songar og vart bygd kring eit hardt og muskuløst riff. Freddie Mercury syng solovokal på songen.

«Hammer to Fall» var ein konsertfavoritt og var den tredje songen som vart framført på Live Aid i 1985.Peter Stanford (24 Sep 2011). Queen: their finest moment at Live Aid. The Telegraph. Henta 15. mai 2012Live Aid: Hammer to Fall Ultimate Queen. Henta 29. juni 2016 Songen vart på setlista på både The Works-turneen og The Magic-turneen. Albumversjonen finst på Queen Rocks, medan singelversjonen finst på Greatest Hits II og Classic Queen.

Tolking Teksten har fleire referansar til den kalde krigen og mange har meint at songen handlar om atomkrig. Omgrepet «waiting for the hammer to fall» i songen er teken som ein referanse på at ein venta at den kalde krigen kunne bli «varm», eller som ein referanse til det sovjetiske hammar og sigd-symbolet. May skreiv på heimesida si at «Hammer to Fall i røynda handla om liv og død og vere klår over at døden er ein del av livet, og at hammaren er eit symbol på døden.Brian May: Brian's Soapbox, April 2004, brianmay.com

Musikkvideo Musikkvideoen var regissert av David Mallet med bilete av ein konsertversjon av songen i Brussel under The Works-turneen.Queen Biography 1984 Queen Zone. Henta 29. juni 2016

Konsertopptak Songen var ein populær konsertsong og var den tredje songen dei spelte på Live Aid, etter «Bohemian Rhapsody» og «Radio Ga Ga».Queen Concerts: 13. juli 1985 Wembley Stadium, London, (Live Aid) Henta 29. juni 2016 Under konsertversjonane spelte ofte turneklaverspelaren deira Spike Edney rytmegitar. «Hammer to Fall» vart framført på både The Works-turneen og The Magic-turneen.Queen live on tour: The Works 1985 Queen Concerts. Henta 29. juni 2016Queen live on tour: Magic tour Queen Concerts. Henta 29. juni 2016

Under Freddie Mercury Tribute Concert i 1992 framførte Extreme-songaren Gary Cherone songen i lag med Queen og Tony Iommi frå Black Sabbath.The Freddie Mercury Tribute Concert: Hammer to Fall Henta 10. juni 2016

Ein annan versjon av songen vart framført som ein ballade av Queen + Paul Rodgers i 2005. Songen nådde tredjeplassen på singellista i Sør-Amerika og 13. plassen i Storbritannia.Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums. London: Guinness rekordbok Limited Songen vart nytta i filmen Highlander.

I andre media Songen er omtalt i science fiction-boka The Tommyknockers av Stephen King frå 1987.The Tommyknockers (1987) Google Books Result

Lister Australia (Kent Music Report) – 55 Polen – 24 Sør-Afrika – 3 Storbritannia (UK Singles Chart) – 13

Medverkande Freddie Mercury – solo- og korvokal Brian May – elektrisk gitar, korvokal Roger Taylor – trommer, korvokal John Deacon – bassgitar Fred Mandel – synthesizer

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Hammer to Fall» frå , den 22. juli 2016. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Offisielle Youtube-videoar: original musikkvideo, Queen + Paul Rodgers, Queen + Paul Rodgers (Live in Ukraine), Freddie Mercury Tribute Concert (with Gary Cherone og Tony Iommi) Tekst på den offisielle nettsida til Queen (frå Queen Rocks) «Hammer to Fall» på discogs

Kategori:Queen-songar Kategori:Singlar frå 1984 Kategori:Songar frå 1984 Kategori:Songar skrivne av Brian May Kategori:Songar produserte av Reinhold Mack Kategori:Musikkvideoar regisserte av David Mallet Kategori:EMI Records-singlar Kategori:Capitol Records-singlar Kategori:Hollywood Records-singlar