«A Kind of Magic» er tittelsporet til albumet med same namn frå 1986 av det britiske rockebandet Queen. Han var skriven av trommeslagaren Roger Taylor for filmen Highlander. Singelen nådde tredjeplassen på UK Singles Chart, topp ti i fleire land i EUropa og 42. plassen på den amerikanske Billboard Hot 100. Songen er opningssporet på samlealbuma Greatest Hits II og Classic Queen.Queen Album: Classic Queen MTV. Henta 2. juli 2011

I Queen-samlingane The Platina Collection, Classic Queen og Greatest Hits II står det i omslaget at songen nådde toppen av listenen i 35 land verda over, men så langt kjenner ein ikkje til noko stad der songen nådde toppen av listene.

Innspeling Tittel Tittelen «a kind of magic» vert sagt i Highlander av Connor MacLeod (Christopher Lambert) då han skildra udøydelegheita si. Roger Taylor likte uttrykket så godt at han brukte det som ein inspirasjon for songen. Det er ein referanse til filmen i teksten: «one prize, one goal»; «no mortal man» og «there can be only one».

Komposisjon Taylor skreiv melodien og akkordane for versjonen i filmen, som Brian May skildra som «ganske sorgfull og tung». Freddie Mercury komponerte ei ny basslinje, la til instrumentale pasuar og endra rekkefølgja i songen slik at han vart meir popvenleg. Mercury og David Richards produserte denne nye versjonen. Songen var likevel berre tilskriven Taylor. Medan versjonen til Taylor kjem mot slutten av filmen, kom Mercury sin versjon først på albumet. Filmversjonen av «A Kind of Magic» vart først gjeve ut som bonusspor i 2011.

Konsertversjonar Songen vart ofte spelt på The Magic-turneen same året, som viste seg å bli den siste turneen til Queen før Freddie Mercury døydde.

Taylor spelte ofte songen på solokonsertane sine, og i lag med bandet The Cross. På Rock the Cosmos-turneen i EUropa song Taylor solovokal på songen på somme av konsertane.

Musikkvideo Musikkvideoen for songen vart regissert av Russell Mulcahy, som regisserte Highlander. I videoen kan ein sjå Mercury som går inn på eit nedlsagt teater, der han finn May, Taylor og John Deacon, kledde som landstrykarar. Mercury omvandlar dei tre til Queen-medlemmar, med sine respektive instrument, før dei går attende til å bli landstrykarar att når han forlet teateret. Gjennom videoen dansar animasjonbilete til rytmen i songen. Desse vart produserte av Walt Disney Corporation.

Andre versjonar

Musikalartisten Elaine Paige spelte inn songen på albumet hennar The Queen Album i 1988.

Lister 1986 PosisjonUK Singles Chart3Irish Singles Chart3Den sveitsiske singellista3Nederlandsk Topp 404Den franske singellista5Den tyske singellista6Australian Singles Chart6Den austerrikske singellista12Billboard Hot 100 i USA42

Salstrofé

Medverkande Freddie Mercury - solo- og korvokal, synthesiser Brian May - elektrisk gitar Roger Taylor - trommer, elektroniske trommer, trommemaskin, synthesizer, korvokal John Deacon - bassgitar

I andre media Musikken vart nytta i traileren til filmen The Adventures of Pinocchio. Ein kortare versjon av songen vart nytta i animasjonsserien A Kind of Magic. Ein sampel av Mercury som seier «Ha ha ha ha ha, it's magic» vart òg nytta i Queen-songen «I Was Born to Love You» frå albumet Made in Heaven. Songen vart nytta i ein episode av Queer as Folk.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tekst på den offisielle nettsida til Queen

Kategori:Queen-songar Kategori:Singlar frå 1986 Kategori:Songar frå filmar Kategori:Songar skrivne av Roger Meddows-Taylor Kategori:Songar produserte av Reinhold Mack Kategori:Musikkvideoar regisserte av Russell Mulcahy Kategori:Hollywood Records-singlar Kategori:EMI Records-singlar Kategori:Capitol Records-singlar Kategori:Songar frå 1986 Kategori:Elaine Page-songar