Norbert Peter Stiles (), kjend som Nobby Stiles, var ein engelsk fotballspelar frå Manchester som vart verdsmeister 1966 med England, europacupvinnar 1968, ligameister 1965 og 1967, alt med Manchester United.
Aktiv Klubbspel Stiles debuterte på Manchester United hausten 1960 og fekk snøgt plass i ei defensiv rolle på midtbana. Dei neste elleve sesongane spelte han 311 ligakampar og skåra 17 mål for United. Han var vraka då Manchester United vann FA-cupen 1963 med 3-2 over Leicester City. Då United vann ligaen i 1965, og på ny i 1967, deltok han i nesten alle seriekampane. Han var med då Manchester United den 29. mai 1968 vart det fyrste engelske laget som vann Europacupen, etter siger over Benfica frå Lisboa. Ved sesongslutt i mai 1971 vart Stiles overført til andredivisjonslaget Middlesbrough for 20 000 pund. Etter to sesongar i Nord-England avslutta han med to sesongar, 1973-75, i Preston North End.
Landslagsspel Stiles debuterte på det engelske landslaget 10. april 1965, samstundes med Jackie Charlton og Barry Bridges, då England og Skottland spelte uavgjort 2-2- på Wembley stadion. Dei neste to åra var han fast på Englands lag. Den 23. februar 1966 skåra han det einaste målet i kampen, og han einaste landslagsmål, då Vest-Tyskland vitja Wembley, fem månader før dei same to landslaga møttest til VM-finale på same bana. Under fotball-VM 1966 på heimebane spelte han alle seks kampane og vart framheva for innsatsen i både semifinalen mot Portugal, og i finalen mot Vest-Tyskland, som vart slått med 4-2 etter ekstraomgangar. Etter våren 1967 fekk Stiles få kampar i landslagsdrakta, men tok del då England vann bronse i fotball-EM 1968 i Italia med 2-0 over Sovjetunionen. Han var med i troppa til VM i fotball 1970 i Mexico, utan å kome på bana. I april 1970 hadde han allereie gjort unna sin siste landskamp, den 28. i rekka, som i debutkampen eit uavgjort-oppgjer mot Skottland.
Merittar Verdsmeister: 1966 med England Ligameister: 1965 og 1967 med Manchester United Vinnar av europacupen: 1968 med Manchester United EM-bronse 1968: med England
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Nobby Stiles» frå , den 30. juli 2016.
Kategori:Engelske fotballspelarar Kategori:Manchester United-spelarar Kategori:Middlesbrough-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1966 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1968 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1970