«I Was Born to Love You» er ein song frå 1985 av Freddie Mercury, gjeven ut på singel og på albumet Mr. Bad Guy. Etter Mercury døydde omarbeidde Queen denne songen for albumet deira Made in Heaven i 1995. Dei heldt vokalen til Mercury, men spelte om att alle instrumentalpartia, og omgjorde songen frå ein discolåt til ein hardrocklåt.

Songen vart spelt på konsert første gongen i 2005 av Queen + Paul Rodgers i Japan. Brian May og Roger Taylor framførte songen akustisk. Songen vart òg framført av Queen + Adam Lambert i Sør-Korea og Japan.

Queen-versjonen frå Made In Heaven nyttar ein sample av den improviserte vokalen til Mercury frå «A Kind of Magic» frå albumet med same namn og frå «Living On My Own» frå albumet Mr. Bad Guy.

Musikkvideo Det vart laga ein video for den originale Mercury-versjonen, regissert av David Mallet og filma i det no øydelagde Limehouse Studios i London. Mercury syng songen føre ein vegg av speglar, og spring så gjennom eit hus med ei ukjend kvinne (Debbie Ash), før han dansar på eit podium.

Videoen for Made in Heaven-versjonen vart regissert av Richard Heslop for British Film Institute, og vart inkludert på Made In Heaven: The Films. Han syner innbyggjarar frå sosialbustader, og folk av alle seksuelle retningar. Ein ser par som kyssar, barn som leiker og tenåringar som stel og øydelegg ein bil. Videoen nyttar den forkorta utgåva som finst på vinylutgåva av albumet.

I andre media Songen er blitt brutk i fleire fjernsynsreklamar, hovudsakleg i Japan. Den originale versjonen med Mercury vart nytta i ein japansk sminkereklame i 1980-åra. Queen-versjonen vart gjeven ut på singel i Japan i februar 1996 etter at songen var blitt nytta i ein TV-reklame for Kirin Ichiban Shibori, eit spritmerke i landet produsert av Kirin Brewery Company. Singelen vart den første Queen-songen som gjekk inn på den japanske singellista sidan «Teo Torriatte (Let Us Cling Together)», i 1977.

I 2004 vart Queen-versjonen av songen nytta som kjenningsmelodi for den japanske dramaserien Pride.

Andre versjonar Ein versjon av songen, basert på Queen-utgåva, er nytta i fjerde nivået på Nintendo DS-spelet Elite Beat Agents.

Ein eurodance-versjon av songen vart spelt inn av gutebandet Worlds Apart.

Songen finst i ein episode av serien Pretty Guardian Sailor Moon.

Songen vart spelt inn av rockeartisten Andrew W.K. og gjeven ut i Japan i februar 2011.

Medverkande Original Freddie Mercury – solovokal, piano, synthesizer Fred Mandel – piano, synthesizer, gitar Paul Vincent – sologitar Curt Cress – trommer Stephan Wissnet – bassgitar, Fairlight CMI Reinhold Mack – Fairlight CMI

Queen-versjonen Freddie Mercury - solo- og korvokal, piano, klaverinstrument Brian May - elektrisk gitar, klaverinstrument Roger Taylor - trommer, perkusjon John Deacon - bassgitar

Lister Freddie Mercury-versjonen Liste (1985)PlasseringDen tyske singellista10UK Singles Chart11Den austerrikske singellista20Den sveitsiske singellista24Den japanske singellista55Den sørafrikanske singellistahttp://rock.co.za/files/springbok_top_20_(M).html Henta 6. januar 20144U.S. Billboard Hot 10076Liste (2016)Plassering

Queen-versjonen ÅrListePlassering1996Den japanske singellista4520041

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «I Was Born to Love You» frå , den 30. juli 2016. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Tekst på den offisielle nettsida til Queen

Kategori:Freddie Mercury-songar Kategori:Queen-songar Kategori:Singlar frå 1985 Kategori:Songar frå 1985 Kategori:Singlar frå 1996 Kategori:Singlar frå 2004 Kategori:Nummer-ein-singlar i Japan Kategori:Songar skrivne av Freddie Mercury Kategori:Hardrockballadar Kategori:Songar produserte av Reinhold Mack Kategori:Hollywood Records-singlar