Live Magic er eit konsertalbum av det britiske rockebandet Queen. Det vart spelt inn under The Magic-turneen (1986) og kom ut 1. desember 1986. Det kom ikkje ut i USA før august 1996. Albumet vart sterkt kritisert av mange fans, fordi mange av songane var kraftig kutta ned. Til dømes var operaseksjonen frå «Bohemian Rhapsody» fjerna, det andre verset av «Tie Your Mother Down», og både «Is This the World We Created...?» og «We Are the Champions» var redusert til eitt vers og eitt refreng. I juli 2004 kåra magasinet Q Live Magic som eit av dei fem mest skuffande konsertalbuma frå vanlegvis bra band.«5 Disappointing Konsertalbum from Usually Great Acts". Q magazine. July 2004. Archived at rocklistmusic.co.uk

Dei fleste opptaka var frå Knebworth Park den 9. august 1986, som var den siste konserten bandet nokon sinne spelte med originalbesetninga.

Innhald Side 1 «One Vision» (Knebworth Park, Stevenage, England, UK - 09/08/86) (Queen) – 5:09 «Tie Your Mother Down» (Knebworth Park, Stevenage, England, UK - 09/08/86) (May) – 2:59 «Seven Seas of Rhye» (Knebworth Park, Stevenage, England, UK - 09/08/86) (Mercury) – 1:21 «A Kind of Magic (Edit)» (Népstadion, Budapest, Hungary) - 27/07/86 (Taylor) – 4:47 «Under Pressure» (Népstadion, Budapest, Hungary) - 27/07/86) (Queen, Bowie) – 3:49 «Another One Bites the Dust (Edit)» (Knebworth Park, Stevenage, England, UK - 09/08/86) (Deacon) – 5:51

Side 2 «I Want to Break Free» (Knebworth Park, Stevenage, England, UK - 09/08/86) (Deacon) – 2:40 «Is This the World We Created...?» (Wembley Stadium, London, England, UK) - 11/07/86 (Mercury/May) – 1:30 «Bohemian Rhapsody (Edit)» (Knebworth Park, Stevenage, England, UK - 09/08/86) (Mercury) – 4:42 «Hammer to Fall (Edit)» (Wembley Stadium, London, England, UK) - 12/07/86 (May) – 4:22 «Radio Ga Ga» (Knebworth Park, Stevenage, England, UK - 09/08/86) (Edit) (Taylor) – 4:27 «We Will Rock You» (Knebworth Park, Stevenage, England, UK - 09/08/86) (May) – 1:33 «Friends Will Be Friends» (Knebworth Park, Stevenage, England, UK - 09/08/86) (Mercury/Deacon) – 1:09 «We Are the Champions» (Knebworth Park, Stevenage, England, UK - 09/08/86) (Mercury) – 2:01 «God Save the Queen» (Knebworth Park, Stevenage, England, UK - 09/08/86) (Trad. arr. May) – 1:19

Lister og sal LandListerSal PlasseringVekerSalstroféSalStorbritannia3Queenonline.com. Live Magic.44PlatinaBPI Certified Awards .1 000 000Austerrike136Gull100 000Tyskland15 Gull300 000Nederland17 100 000Italia22 100 000Sveits26 Platina100 000Japan49 100 000Sverige50 Argentina Gull 40 000USA– –500 000

Medverkande Freddie Mercury - solovokal, piano Brian May - gitarar, korvokal Roger Taylor - trommer, korvokal John Deacon - bassgitarar, korvokal Andre musikarar Spike Edney - klaverinstrument, piano, gitar, korvokal

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Live Magic» frå , den 1. august 2016. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Den offisielle nettsida til Queen: Diskografi: Live Magic

Kategori:Queen-album Kategori:Konsertalbum frå 1986 Kategori:Album spelte inn på Wembley Stadium Kategori:Hollywood Records-album