mini|Terby mini|Del av Terby fotografert av Mars Express. Lagdelingar og mogelege elvegrøfter er synlege mini|Datalaga perspektivsyn på ein del av Terby, basert på data frå Mars Express
Terby er eit nedslagskrater nord i Hellasbassenget på Mars. Det har ein diameter på kring 170 kilometer og er namnsett etter den belgiske astronomen Francois J. Terby.
På eit tidspunkt var krateret fylt av avsetjingar - anten frå vind eller vatn - og det er tydelege lagdelingar og terrassar nokre stader i krateret. I krateret finst det òg grøfter som kan ha vore gravne ut av vatn.
Kjelder Traces of the martian past in the Terby crater - ESA
Kategori:Nedslagskrater på Mars