Telma Louise Hopkins () er ein USA-amerikansk songar og skodespelar. Ho vart kjend i 1970-åra med popgruppa Tony Orlando and Dawn, som hadde fleire hitsinglar på toppen av den amerikanske singellista. Ho spelte òg i TV-showet Tony Orlando and Dawn frå 1974 til 1976 i lag med Tony Orlando og Joyce Vincent Wilson.

Seint i 1970-åra byrja Hopkins å arbeide som skodespelar og spelte i forskjellige situasjonskomediar, som Bosom Buddies (1980–82), Gimme a Break! (1983–87) og Family Matters (1989–1997) som Rachel. Som hovudrolle spelte ho i Getting By frå 1993 til 1994. I seinare år har Hopkins vore fast medlem i Half & Half (2002–06), Are We There Yet? (2010-13) og den kortvarige Partners (2014). Innan film har ho spelte i science fiction-filmen Trancers i 1984 og oppfølgjaren Trancers II (1991) og Trancers III (1992), i tillegg til The Wood (1999) og The Love Guru (2008).

Ho starta karrieren som korsongar i Detroit, og song for artistar som The Four Tops og Marvin Gaye der. Ho song òg for Isaac Hayes og seier mellom anna «Shut your mouth!» på Hayes-songen «Theme From Shaft».

Filmar

Film År Tittel Rolle Merknad 1982 The Kid with the Broken Halo Gail DesautelTV-film 1984 Trancers Ruth «Ruthie» Raines 1988 Pulse PoundersRuth «Ruthie» RainesCameo 1990 Vital Signs Dr. Kennan 1990 How to Murder a MillionaireTeresa 1991 Trancers II Ruth «Ruthie» Raines 1992 Trancers IIIRuth «Ruthie» Raines 1999 The Wood Slim's Mother 2001 Down to Earth Kvinne i publikumCameo 2001 Rain Kortfilm 2008 The Love Guru Lillian Roanoke 2013 Trancers: City of Lost Angels Ruth «Ruthie» RainesKortfilm 2015 Welcome to the FamilyDeborahTV-film

Fjernsyn År Tittel Rolle Merknad 1974-1976Tony Orlando and DawnSeg sjølv 1979 Roots: The Next Generations DaisyMiniserie 1979-1980 A New Kind of Family Jess AshtonSerie, 5 episodar 1980-1982 Bosom Buddies Isabelle HammondSerie, 37 episodar 1982-1983 The New Odd Couple FrancesEpisodar: «Frances Moves In» og «Oscar Dates Felix's Frances» 1984 Fantasy IslandDoris WilsonEpisode: «Bojangles and the Dancer/Deuces Are Wild» 1979-1985 The Love Boat 4 episodar 1983-1987 Gimme a Break! Addy WilsonSerie, 68 episodar 1988 Amen Charlotte HollowayEpisode: «Wedding Bell Blues» 1989-1997 Family Matters Rachel Crawford Serie, 93 episodar 1993-1994 Getting By Dolores DixonSerie, 31 episodar 1995 Women of the House Offiser RhodaEpisode: «The Conjugal Cottage» 1997 The Nanny Lila BakerEpisode: «Fran's Roots» 1998 ER CarleneEpisode: «Think Warm Thoughts» 2000 Suddenly Susan DeniseEpisode: «The Reversal» 2001 For Your Love Miss HopeEpisode: «The Next Best Thing» 1999-2001 The HughleysPaulette Williams5 episodar2000-2001 Any Day NowDommar Wilma Evers4 episodar 2002-2006 Half & Half Phyllis ThorneSerie, 91 episodar 2008 Psych Phylis GaffneyEpisode: «There's Something About Mira» 2010-2013 Are We There Yet? Marilyn PersonsSerie, 90 episodar 2013 Getting OnBeverly RaymesEpisode: «Born on the Fourth of July» 2014 Partners Ruth JacksonSerie, 10 episodar 2012-2014 Lab Rats Grandma Rose3 episodar 2015 K.C. Undercover Miss HolleyEpisode: «Debutante Baller»

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Telma Hopkins» frå , den 16. august 2016. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Afroamerikanske songarar Kategori:Tony Orlando and Dawn-medlemmar Kategori:Afroamerikanske skodespelarar Kategori:USA-amerikanske skodespelarar Kategori:Folk frå Louisville i Kentucky