Cathy Freeman, fullt namn Catherine Astrid Salome Freeman, () er ein australsk tidlegare friidrettsutøvar frå Mackay i Queensland. Ho spesialiserte seg på 400 meter, og vart verdsmeister på distansen i 1997 og 1999, før ho toppa karrieren med å verte olympisk meister i heimlandet i år 2000.
Aktiv
Freeman fekk sitt internasjonale gjennombrot med siger på både 200 meter og 400 m under samveldeleikane i Victoria i august 1994, vinnartidane var 22,25 og 50,38 sekundar. Året etter vart ho nummer fire på 400 m i friidretts-VM, før ho i same meisterskapen spurta forbi Tyskland og sikra Australia bronse i 4 x 400 m stafett.
Under dei olympiske leikane i Atlanta sommaren 1996 gjorde Freemann unna sitt livs snøggaste 400-meter og sette personleg rekord med tida 48,63, likevel vart det sølvplass på henne, ettersom franske Marie-José Pérec også var i sitt livs form og kom i mål på 48,25 sekundar.
Sesongane 1997-2000 var Freeman den beste 400-meterløparen på kvinnesida. Ho vart verdsmeister på distansen i 1997 og gjentok prestasjonen i 1999. Begge gongane vann ho med knapp margin, i 1997 med to hundredels sekund til jamaicanske Sandie Richards og i 1999 med sju hundredels sekund til tyske Anja Rücker. Derimot vann ho klart då ho i 2000 til stor jubel frå tribunane i Sydney vart olympisk meister på tida 49,11 sekundar.
Freeman la opp i 2002.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 1992 i Barcelona: Utslått i kvartfinalane på 400 m (51,52 =nr 17) VM 1995 i Göteborg: Nr 4 på 400 – 50,60, bronsemedalje i 4 x 400 m stafett OL 1996 i Atlanta: Sølvmedalje på 400 m – 48,63, bak Marie-José Pérec (48,25) VM 1997 i Aten: Gullmedalje på 400 m – 49,77, framom Sandie Richards (49,79) VM 1999 i Sevilla: Gullmedalje på 400 m – 49,67, framom Anja Rücker (49,74) OL 2000 i Sydney: Gullmedalje på 400 m – 49,11, framom Lorraine Graham (49,58)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Cathy Freeman» frå , den 21. august 2016.
World Athletics
Kategori:Australske sprintarar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Australia Kategori:Olympiske meistrar for Australia Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Australia Kategori:Australske deltakarar under sommar-OL 1992 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1996 Kategori:Australske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2000 Kategori:Australske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000