«The Number of the Beast» er ein song av det engelske heavy metal-bandet Iron Maiden. Han var den sjuande singelen til Iron Maiden, og den andre singelen frå studioalbumet med same namn frå 1982. Han vart gjeven ut på singel på ny i 2005.

Då songen kom ut i 1982 skapte han kontroversar i USA, der det religiøse temaet skapte raseri i religiøse grupper. Trass i dette er det ein av dei meir populære songane til bandet. Singelen nådde 18. plassen på den britiske singellista og han har bltit spelt på nesten alle turneane deira. I tillegg har songen blitt spelt av mange andre artistar og har blitt nytta i mange videospel og filmar.

Låtskriving og innspeling

I følgje låtskrivaren og bassisten Steve Harris vart han inspirert av eit mareritt han hadde etter å ha sett filmen Damien: Omen II, i tillegg til diktet Tam o' Shanter av Robert Burns.

Songen opnar med ein talt intro, lesen av den engelske skodespelaren Barry Clayton, som siterer Johannes' openberring 12:12 og 13:18. I følgje vokalisten Bruce Dickinson spurte bandet opphavleg Vincent Price om å lese introen, men valde å gå for Clayton etter at Price nekta å gjere det for mindre enn 25 000 pund.

Songen er kjend for det særs lange, lyse skriket mot slutten av introen, som AllMusic har kalla «det mest hårreisande skriket til Dickinson på plate». I dokumentarfilmen Classic Albums, basert på The Number of the Beast, sa Dickinson at det kom fordi han var frustrert av produsenten Martin Birch, som tvang han til å syngje introen om att og om att, time etter time.

Detaljar Plateomslaget til singelen er den siste av tre singlar der Riggs teikna Satan, som først dukka opp på omslaget til singelen «Purgatory». Omslaget til The Number of the Beast er etterverknaden til omslaget til «Run to the Hills» der ein ser Eddie og Satan i eit slag. Singelen var òg gjeven ut på raud vinyl.

Konsertversjonen av «Remember Tomorrow» vart spelt inn under Killer-turneen i Padova i Italia den 29. oktober 1981 med Bruce Dickinson på vokal. Dickinson hadde sunge live for første gongen med Iron Maidel berre tre konsertar tidlegare, den 26. oktober i Bologna, ein og ein halv månad etter den førre vokalisten Paul Di'Anno. Det var òg den siste singelen med Clive Burr på trommer, då han vart erstatta av Nicko McBrain mot slutten av The Beast on the Road-turneen i 1982.

I 2005 vart «The Number of the Beast» gjeve ut på ny i samband med DVD-filmen The History of Iron Maiden – Part 1: The Early Days, i lag med konsertversjonar av songen og «Hallowed Be Thy Name», spelt inn i 2002.

Ettermæle «The Number of the Beast» er ein av dei mest populære songane til bandet, og vart plassert på sjuandeplassen på lista til VH1 over dei 40 beste metal-songane«VH1 40 Greatest Metal Songs», 1–4 May 2006, VH1 Channel, reported by VH1.com ; henta 23. august 2016. og sjetteplassen i boka til Martin Popoff kalla «The Top 500 Heavy Metal Songs of All Time», ei liste som vart sett saman etter stemmer frå 15 000 musikarar, musikkjournalistar og publikum.

Songen har sidan blitt spelt av Avulsed, Iced Earth, Sinergy, Powderfinger, Djali Zwan (med ein versjon som vart nytta i filmen Spun]]), The Iron Maidens og mange andre band. I tillegg vart han spelt av The String Quartet Tribute.

Songen er blitt nytta i videospel som Tony Hawk's Pro Skater 4, Guitar Hero III: Legends of Rock, og kan lastast ned til Rock Band-serien. Songen vart nytta i filmen Murder by Numbers.

Kontrovers I tillegg til plateomslaget og tittelen, vart songen eit mål for religiøse grupper i USA som skulda Iron Maiden for å vere ei satanistisk gruppe. Kontroversen førte til at albuma deira vart brende og fleire demonstrasjonar under turneen deira i 1982, sjølv om dette berre gav bandet meir publisitet. Steve Harris har sidan kommentert at desse skuldingane var «galskap. Dei misforstod totalt. Dei hadde tydelegvis ikkje lese teksten. Dei berre ønskte å tru alt det tøvet om at me var satanistar».

På det neste albumet deira, Piece of Mind, plasserte bandet ei skjult, baklengs melding i byrjinga av songen «Still Life», der trommeslagaren i Nicko McBrain, parodierer ein full Idi Amin. I følgje McBrain sa han «Don't meddle wid t'ings yo don't understand», og dette var retta mot dei som meinte Iron Maiden var djeveldyrkarar, og sa «Me tenkte at om folk skal vere så toskete om dette her, så kan me like gjerne gje dei noko å vere toskete for.»

På toppen av skuldingane av satanisme, vart Eddie redigert bort frå musikkvideoen til «The Number of the Beast» etter han først vart vist på MTV, etter klagar frå redde sjåarar.Various dates in Iron Maiden history

Innhald

1982 7" britisk singel (EMI 5287)

1990 CD-singel

2005 utvida CD (EMS 666)

2005 7" raud vinyl (EM 666)

2005 12" biletplate (12EM 666)

Medverkande Frå 7"-omslaget og nyare utgåver. Iron Maiden Bruce Dickinson – solovokal Dave Murray – gitar Adrian Smith – gitar Janick Gers – gitar (live - 2005) Steve Harris – bassgitar Clive Burr – trommer Nicko McBrain – trommer (live - 2005) Produksjon Martin Birch – produsent, lydteknikar Derek Riggs – illustrasjon Kevin Shirley – miksing (live - 2005) Tony Newton – miksing (live - 2005)

Lister Singel Liste (1982) Plassering Album«The Number of the Beast»UK Singles Chart18The Number of the BeastIrish Singles Chart19 Singel Liste (1990) Plassering Album«Run to the Hills / The Number of the Beast» UK Albums ChartNyutgjeving av begge singlane som ein del av The First Ten Years. Strekte seg over tidsgrensa til UK Singles chart. 3 — Singel Liste (2005) Plassering Album«The Number of the Beast»Nyutgjeving av original studioversjon i lag med konsertversjon frå 2002.Den finske singellista 2 —Den franske singellista 78Den tyske singellista 76Irish Singles Chart 11Den italienske singellista 5VG-lista i Noreg 13Sverigetopplistan 40Den sveitisiske singellista 42UK Singles Chart3 Fotnotar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «The Number of the Beast (song)» frå , den 23. august 2016.

Kategori:Singlar frå 1982 Kategori:Iron Maiden-songar Kategori:Songar skrivne av Steve Harris Kategori:Musikk basert på Bibelen Kategori:Songar frå 1981 Kategori:EMI Records-singlar Kategori:Dream Theater-songar Kategori:Songar om mareritt