Noralv Pedersen () er ein norsk forfattar og journalist frå Vik i Sogn. Pedersen er kjend som programleiar i tv-programmet Der ingen skulle tru at nokon kunne bu.

I 2026 vann han og Der ingen skulle tru at nokon kunne bu Gullrutens fagpris for beste regi underhaldning, og han fekk commended-utmerking av den europeiske kringkastingsprisen Prix Circom i 2025 og 2026.

Noralv Pedersen er cand.polit. med hovudfag i geografi frå NTNU. Tidlegare har han arbeidd som journalist og spaltist i m.a. NRK Sogn og Fjordane, NRK Vestland, NRK Kulturnytt, Dag og Tid og Klassekampen.

Han har gitt ut fleire bøker. I 2009 kom Den gode viljen. Ein dokumentar om norsk fredspolitikk, og i 2013 gav han ut Når far treng meg. Ei forteljing om pårørande i norsk eldreomsorg.

Prisar og utmerkingar

Gullrutens fagpris 2026, beste regi einkamera underhaldning. Commended-utmerking, Prix Circom 2026. Commended-utmerking, Prix Circom 2025. Nominert til Gullruten 2025, beste reality- og livsstilsprogram. Nominert til Gullrutens fagpris 2025, beste regi einkamera underhaldning. Årets grasrottrenar, Sogn og Fjordane 2025.

Bibliografi Bøker

Kjelder

NRK Sogn og Fjordane

Bakgrunnsstoff Forfattarside ved spartacus.no

Kategori:Forfattarar frå Vik Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Norske journalistar Kategori:NRK-journalistar