Gustaf Axel Estlander () var ein finsk, seinare svensk, arkitekt, båtkonstruktør og skøytelaupar. Som skøyteløpar representerte han Storfyrstedømmet Finland.

Estlander vann EM på skøyter, allround i 1898. Han vart nest beste laupar i EM i 1897 og 1899, og nest beste lauper i VM på skøyter, allround i 1896 og tredje beste lauper i VM i 1898 men fekk ikkje medaljar då det i perioden 1891–1907 berre vart delt ut medaljar til meisteren.

Han er i Finland og Sverige mest kjend som arkitekt og båtkonstruktør, og han dreiv det tyske verftet Papst-Verft mellom 1918 og 1923. Omtrent 300 konstruksjonsteikningar av Estlanders båtar er i dag teke vare på i Sjöhistoriska museet i Stockholm. Estlander vart i 1927 svensk statsborgar.

Familie Gustaf er yngre bror til jurist, professor, riksdagsman og OL-seglar Ernst Estlander. Faren deira var Jakob August Estlander, som var professor i kirurgi og statsråd.Ernst Estlander i Biografiskt lexikon för Finland. Henta 7. desember 2014.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Gustaf Estlander» frå , den 17. september 2016.

Referansar

Bakgrunnsstoff Gustaf Estlander – Profil og resultatoversyn på SpeedSkatingNews.info. Profil og resultatoversyn på SpeedSkatingStats.com ein nl (engelsk).

Kategori:Finske arkitektar Kategori:Folk frå Helsingfors Kategori:Svenske arkitektar