«Blue Christmas» er ein julesong av Billy Hayes og Jay W. Johnson, og den mest kjende framføringa er av Elvis Presley. Songen handlar om ugjengjeldt kjærleik i juletida og har lenge vore ein mykje spelt julemusikk, særleg innan country.
Første innspelinga og kjende innspelingar
Songen vart først spelt inn av Doye O'Dell i 1948, og vart popularisert dei neste åra med tre forskjellige innspelingar: ein av countryartisten Ernest Tubb, ein av dirigenten og arrangøren Hugo Winterhalter og orkesteret og koret hans, og ein av bandleiaren Russ Morgan og orkesteret hans (sistnemnde med Morgan på vokal og The Morganires på korvokal).http://www.russmorganorchestra.com/russ.html : sjå tabellen «Vocalists with Band Included» Tubb-versjonen låg den første veka av januar 1950 på toppen av Billboard Most-Played Juke Box (Country & Western) Records-lista, medan Winterhalter sin versjon nådde niandenplassen på Billboard's Records Most Played by Disk Jockeys-lista og Morgan-versjonen nådde 11. plassen på Billboard's Best-Selling Pop Singles-lista. Både versjonane til Morgan og Winterhalter bestod av ein kortare popversjon av den originale teksten. I 1950 spelte crooneren Billy Eckstine inn si utgåve, med orkesteret til Russ Case, og med ein variasjon av den forkorta teksten som i dag er nær den vanlegaste varianten av teksten. Orkesteret som speler på denne versjonen er ofte feilaktig blitt omtalt som Winterhalter.Billy Eckstine, All Of My Life, Jasmine 2-CD set, 2008, featuring a photo of the actual single
Elvis Presley gjorde «Blue Christmas» til ein rock and roll-juleklassikar med ei innspeling for albumet Elvis' Christmas Album i 1957. Presley sin versjon er er forskjellig musikkvitskapleg sidan vokalgruppa The Jordanaires (særleg i sopranlinja sungen av Millie Kirkham) erstattar mange store og mindre tersar med høvesvis nøytrale og septimal liten ters. «Blue Christmas» vart òg gjeven ut på EP-en Elvis Sings Christmas Songs i 1957, som òg inneheldt «Santa Bring My Baby Back (To Me)» på side ein, med «Santa Claus Is Back in Town» og «I'll Be Home for Christmas» på side to. Den originale versjonen til Presley frå 1957 var gjeven ut på ingel først i 1964. Denne utgåva vart òg ein hit i Storbritannia, der han nådde 11. plassen på den britiske singellista veka som byrja 26. desember 1964.
Det amerikanske bandet The Beach Boys spelte inn ein versjon med Brian Wilson på solovokal, og gav han ut i USA 16. november 1964 som B-sida til singelen «The Man with All the Toys» og på albumet The Beach Boys' Christmas Album.
The Beach Boys-versjonen nådde tredjeplassen på den amerikanske julemusikklista, men nådde ikkje lista i Storbritannia.
Andre kjende versjonar
Etter suksessen til Presley-versjonen vart songen spelt inn av mange rocke- og countryartistar. Tammy Wynette spelte inn songen. Ein versjon frå 1960 vart spelt inn av The Browns og denne nådde 97. plassen på Billboard Hot 100 i desember 1960. Patti LaBelle & The Bluebelles spelte inn songen i 1963 på Sleigh Bells, Jingle Bells & Bluebelles Den mest suksessrike versjonen av songen i Storbritannia vart spelt inn av Shakin' Stevens. I 1982 nådde versjonen hans av songen andreplassen på UK Singles Chart (bak «Save Your Love» av Renée and Renato). I 2008 vart ein duettversjon av songen med Elvis Presley og Martina McBride gjeve ut på albumet Christmas Duets og nådde 36. plassen på US Country-lista. Denne vart òg gjeven ut på McBride-albumet White Christmas i 2013. Jon Bon Jovi spelte songen for samlealbumet A Very Special Christmas 5 i 2001. Ein komisk versjon kom ut i 1984 med Denny Brownlee med ei stammande stemme som likna teikneseriefiguren Porky Pig, men på innspelinga er han omtalt som «Seymour Swine». Innspelinga vart opphavleg gjort for John Boy and Billy Show. Cyndi Lauper gav ut ein digital singel med songen i 2011.
I film og fjernsyn
I 1974 vart songen nytta i barne-TV-showet The Year Without a Santa Claus. I 2007 brukte filmen The Number 23 versjonen til Dean Martin på radio i ein scene der Walter Sparrow (spelt av Jim Carrey) førebur sseg for julebordet til jobben hans. I 2009 vart Elvis-versjonen nytta i ein fjernsynsreklame for Verizon Wireless. I 2011 song Damian McGinty (som karakteren Rory Flanagan) Elvis-versjonen av songen i juleepisoden av TV-serien Glee. Denne versjonen kom ut på albumet Glee: The Music, The Christmas Album Volume 2.http://www.wetpaint.com/glee/video/damian-mcginty-sings-blue-christmas-in-glee-season-3-episode-9-extraordinary-merry-christmas-listen I 2015 vart Dean Martin-versjonen òg nytta i Wild Card, starring Jason Statham.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Blue Christmas» frå , den 3. oktober 2016. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Music video featuring Elvis Presley and a superimposed Martina McBride
Kategori:Songar frå 1948 Kategori:Singlar frå 1964 Kategori:Ernest Tubb-songar Kategori:Elvis Presley-songar Kategori:The Browns-songar Kategori:The Partridge Family-songar Kategori:Andrea Bocelli-songar Kategori:USA-amerikanske julesongar Kategori:Rockabilly-songar Kategori:The Beach Boys-songar Kategori:Songar produserte av Brian Wilson Kategori:Capitol Records-singlar Kategori:RCA Victor-singlar Kategori:Michael Bublé-songar Kategori:Celine Dion-songar Kategori:Dean Martin-songar Kategori:Kelly Clarkson-songar Kategori:John Denver-songar Kategori:Rod Stewart-songar Kategori:Shakin' Stevens-songar Kategori:Jon Bon Jovi-songar Kategori:Jim Reeves-songar Kategori:Lady Antebellum-songar Kategori:LeAnn Rimes-songar Kategori:Sherly Crow-songar Kategori:Arne Benoni-songar Kategori:Willie Nelson-songar Kategori:Johnny Cash-songar Kategori:Lasse Stefanz-songar Kategori:Christer Sjögren-songar Kategori:The Platters-songar Kategori:Brian Setzer-songar Kategori:Cyndi Lauper-songar Kategori:Johnny Mathis-songar Kategori:Glen Campbell-songar Kategori:The Ventures-songar Kategori:Tammy Wynette-songar Kategori:Patti LaBelle-songar