Hild eller Ragnhild Rolvsdotter (Ragnhildi Hrólfsdóttur) var ei norsk kvinne som levde på slutten av 800-talet. Ho var, etter det ein kjenner til, ei av få kvinner i norrøn tid som gjorde skaldekvad.

Familie Ho er nemnt i soga om Harald HårfagreSoga om Harald Hårfagre (kap.24) frå heimskringla.no, der ho blir kalla Hild. Ho er òg nemnt både i OrknøyingasogaOrknøyingasoga omsett av Gustav Indrebø (Oslo 1929) og LandnåmabokaLandnåmaboka frå snerpa.is (kafli 82) , begge stader med namnet Ragnhild. Far hennar skal ha vore den mektige hovdingen Rolv Nevja (Hrólf nefju) og i den historisk usikre forteljinga «Soga om kong Harald Hårfagre sine skaldar»Saga skálda Haralds konúngs hárfagra frå heimskringla.no er det nemnt at han var frå Opplanda. Hild var gift med mørejarlen «Ragnvald den mektige og den rådkloke» (hinn ríki eða hinn ráðsvinni) og ho var mor til minst tre born: Ivar, Tore og Rolv. Ivar Ragnvaldsson døydde under ei hærferd som han gjorde saman med kong Harald Hårfagre. Tore Ragnvaldsson, òg kalla «Teiande», vart den nye «mørejarlen» etter at faren døydde omkring 892. Rolv Ragnvaldsson (truleg fødd omkring 860, død 932) fekk tilnamnet «Gange-Rolv» og etter norrøn og islandsk tradisjon var han identisk med den historiske Rollo av Normandie og dermed skal han ha vore tipptippoldefar til William Erobraren. Teorien er omdiskutert, men om han skulle vere rett, hadde Hild Rolvsdotter desse etterkomarane (årstala er usikre): Gange-Rolv (Rollo) Vilhelm I (William) Langsverd (893-942) hertug av Normandie Rikard I (den uredde) (933-996), hertug av Normandie Rikard II (den gode) (978-1026), hertug av Normandie Robert I (den praktfulle) (1000-1035), hertug av Normandie Vilhelm (William) Erobraren (1027-1087)

Skaldedikt Ifølgje sogene var Gange-Rolv mykje ute i viking, og ein sumar kom han «austanfrå» til Vika i Noreg og gjorde strandhogg der. Kong Harald Hårfagre lyste han då fredlaus, for det var strengt forbode å røve innanlands. Då var det at Hild fór til kongen for å be om fred for sonen sin, og gjorde dette kvadetLausavise av Hild Rolvsdotter (Skaldic Project) (omsetjingNorsk omsetjing er henta fra "Noregs kongesoger" 1, Det norske samlaget 1979): Hafnið Nefju nafna; nú rekið gand ór landi horskan hǫlða barma; hví bellið því, stillir? Illts við ulf at ylfask Yggs valbríkar slíkan; muna við hilmis hjarðir hœgr, ef renn til skógar.Du jagar namnen åt Nevja; no vil du gjævingen drive or heimen, den hæve bonde; kvi er du så strid, du konge? Vondt for deg vil det vere med slik ein varg å bitast. Fer han til skogs, vil han herje hardt i kongens rike.

Dette diktet er det einaste som er kjent etter Hild Rolvsdotter. Soga fortel ikkje noko om korleis kong Harald lønte Hild for kvadet hennar, og nemner berre at «Gange-Rolv for sidan vest over havet» og at han fekk seg eit stort jarlerike i Valland (Frankrike).

Referansar

Bakgrunnsstoff Rollo Gange-Rolv Ragnvaldsson Norsk biografisk leksikon Den Norsk-Islandske Skjaldedigtning av Finnur Jónsson (side 305). Den oldnorske og oldislandske litteraturs histore av Finnur Jónsson (1.bind side 606)

Kategori:Norske skaldar Kategori:Folk frå vikingtida Kategori:Kvinner frå vikingtida Kategori:Folk i Heimskringla