Anders Andersson Mehlum () var ein norsk bladmann og forfattar frå Skaun i Sør-Trøndelag. Han levde ugift.
Mehlum var son til ein leiglendingsbonde. Sjølv tok han eksamen ved Klæbu seminar og var ei tid lærar i Nordland. Sidan var han journalist i Morgenbladet i Kristiania og redaktør av Drammens Blad og Kristianiaposten. Frå 1896 til 1932 gav han ut det «originale» vekebladet Nu, ein publikasjon som skulle «fremme fædrelandkjærlighed, urbanitet, sandhed og ret». Her formidla han mykje «smånytt» frå tallause ferder rundt om i bygdene på Austlandet, mest frå Hallingdal.
Mehlum gav ut boka Nordlandsliv i 1888, sju hefte med Hallingdal og hallingen åra 1891 og 1893 og boka Karen og Nils i 1938.
Bibliografi 1875: Samtale med Gud og Godtfolk. 1875: Linærlen. 1875: Tjeneren. Et religiøst maanedsskrift, N:o 1-14 1876: Gråspurven. 1876: Billeder av Jesu liv og død. 1888: Nordlandsliv. Fortællinger og skildringer Runeberg 1891, 1893: Hallingdal og Hallingen. Runeberg 1894: Tidskriften Nu, N:o 1-2 Runeberg Nedigerer og udgiver, August 1896-1932: Tidskriften Nu, Ugeblad Runeberg 1938: Karen og Nils. Fortelling Runeberg 1943: Hallingdal og Hallingen. Runeberg
Kjelder Mehlum, Anders i Norsk Forfatter-Lexikon 1814-1880. Fjerde Bind. Runeberg Anders Mehlum, 1943: Hallingdal og Hallingen. Runeberg Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1957
Bakgrunnsstoff
Thor Gotaas: Livslang skrivekløe: historien om den vandrende redaktør Anders Mehlum, 2004
Kategori:Norske journalistar Kategori:Norske redaktørar Kategori:Folk frå Skaun