Sergej Anatoljevitsj Khlebnikov () var ein skeiseløpar frå Sortavala som representerte Sovjetunionen. Han vart sprint-verdsmeister i 1982 og vann elles to OL-sølv og to sølvplassar i sprint-VM i tida 1981-84.

mini|venstre|Sergej Khlebnikov i 1982

Khlebnikov vart andremann då sprint-VM 1981 fann stad i Grenoble, 0,400 poeng bak norske Frode Rønning. Året etter vart Khlebnikov verdsmeister i skeisesprint i Alkmaar, etter eit jamnt oppgjer mot Gaétan Boucher fra Canada.

Under Vinter-OL 1984 i Sarajevo kom Khlebnikov på andreplassen både på 1000- og 1500 meter, på begge distansane måtte han sjå seg slått av Gaétan Boucher. I verdsmeisterskapen i sprint 1984 i Trondheim trekte Boucher enno ein gong det lengste strået, og vann VM-tittelen med minimal margin; 0,010 tidspoeng, eller to hundredels sekund på 1000 meter.

Khlebnikov drukna i Moskva, i sitt 44. år.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Sergej Khlebnikov» frå , den 14. november 2016.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Sovjetiske skeiseløparar Kategori:Verdsmeistrar i lengdeløp på skeiser – Sprint Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Sovjetunionen Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1980 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1980 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1984 Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1984 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1984 Kategori:Ulukkesdødsfall