Robert Viktorovitsj Merkulov () var ein russisk skeiseløpar frå Moskva som representerte Sovjetunionen. Han vart europameister i 1962.

Karriere Merkulov debuterte med ein åttandeplass ved VM 1954 i Sapporo. Under VM i Oslo to år seinare kom han i mål 0,9 sekund for seint på den avsluttande 10 000-meteren til å verte verdsmeister, landsmannen Oleg Gontsjarenko stakk av med laurbærkransen. Tidlegare i OL-sesongen 1956 vart Merkulov nummer fire i EM og nummer fem på 1 500 meter under vinterleikane i Cortina d'Ampezzo.

Ved den neste skeiseverdsmeisterskapen i Oslo, vinteren 1959, kom Merkulov på bronseplassen bakom den finske duoen Juhani Järvinen og Toivo Salonen. Til EM 1962, også den meisterskapen fann stad på Bislett stadion i Oslo, kom ikkje Merkulov som favoritt. Men både han og den store overraskinga, franske Andre Kouprianoff, gjekk fire gode løp og la beslag på dei to øvste plassane på sigerspallen, med Merkulov aller øvst.

Merkulov la opp etter 1963-sesongen.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Robert Merkulov» frå , den 19. november 2016.

Kategori:Sovjetiske skeiseløparar Kategori:Europameistrar i lengdeløp på skeiser – Allround Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1956 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1956