Karl Ivar Martinsen () var ein norsk skeiseløpar frå Hamar. Han vart nummer tre både i VM 1952 og EM 1953, begge meisterskapane vart avvikla på heimebana på Hamar. Martinsen var medlem i Hamar Idrettslag.

Karriere Ivar Martinsen vart junior-noregsmeister i 1946. I OL-sesongen 1948 kneip han fjerdeplassen under noregsmeisteskapen i Drammen og deltok i EM 1948 heime på Hamar, der han etter fall på 500-meteren enda på tolvteplass. Etter ein svakare 1949-sesong vart han nummer fem i NM 1950 i Trondheim, før han kom i mål til sjetteplass ved VM 1950 i Eskilstuna.

Både i 1951 og 1952 plasserte Martinsen seg på fjerdeplassen i noregsmeisterskapen. I OL-året 1952 vart han nummer sju og nest beste nordmann då EM fann stad i Östersund, før han under vinterleikane i Oslo skreid inn til åttandeplass på 1500 meter. Ei veke etter Oslo-leikane overraska han med å sikre seg tredjeplassen under VM på heimebane, einast verdsmeister Hjalmar Andersen og finske Lassi Parkkinen skeisa fortare. Mindre enn eitt år seinare vann han ein ny bronsemedalje då EM 1953 gjekk av stabelen på heimebana Hamar, nederlendarane Kees Broekman og Wim van der Voort tok dei øvste plassane på sigerspallen.

Martinsen la opp etter 1954-sesongen.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ivar Martinsen» frå , den 3. desember 2016.

Bakgrunnsstoff Ivar Martinsen i olympedia.org

Kategori:Norske skeiseløparar Kategori:Folk frå Hamar