Heidi Sundal () er ein norsk tidlegare handballspelar frå Oslo, som vann to OL-sølv og to VM-bronsar i tida 1986-93. Linjespelaren spelte i alle år på Nordstrand IF og vart noregsmeister med klubben i 1987.

Sundal debuterte på Noregs landslag i ein kamp mot Jugoslavia den 8. november 1980. I desember 1986 var ho ein av dei sentrale spelarane då Noreg overraska og vann bronsemedaljen under handball-VM i Nederland. Både under Sommar-OL 1988 i Seoul og Sommar-OL 1992 i Barcelona spelte ho ei viktig rolle då Noreg vann sølvmedaljar i begge handballturneringane. Då Noreg på heimebane vann bronsemedaljen i handball-VM 1993 etter 20-19 mot Romania i bronsefinalen, vart ho kåra til den beste linjespelaren i meisterskapen.

Sundal deltok i 269 landskampar og skåra 731 mål for Noreg.

Merittar VM 1986: Bronsemedalje etter 23–19 mot Aust-Tyskland OL 1988: Sølvmedalje etter 20–23 mot Sør-Korea OL 1992: Sølvmedalje etter 21–28 mot Sør-Korea VM 1993: Bronsemedalje etter 20–19 mot Romania

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Heidi Sundal» frå , den 4. desember 2016.

Kategori:Norske handballspelarar Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Noreg Kategori:Spelarar i Handball-VM 1986 for kvinner Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1988 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 1988 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 1988 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1992 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 1992 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 1992 Kategori:Spelarar i Handball-VM 1993 for kvinner Kategori:Folk frå Oslo