Karin Pettersen, gift Karin Ryen, () er ein norsk tidlegare handballlspelar frå Frosta som vann to OL-sølv og to VM-bronsar i tida 1986-93. Ho spelte fyrst på Frosta Idrettslag og sidan på Trondheims-laget Byåsen IL.
Pettersen debuterte på Noregs landslag i ein kamp mot Danmark den 21. februar 1984. I desember 1986 var ho med då Noreg overraskande vann bronsemedaljen under handball-VM i Nederland. Ho var med å vinne sølvmedalje både under Sommar-OL 1988 i Seoul og Sommar-OL 1992 i Barcelona. Etter 1988 var Byåsen-spelaren den sentrale playmakeren (spelesjefen) i angrepsspelet til Noregs landslag. Då Noreg på heimebane vann bronsemedaljen i Handball-VM 1993 etter 20-19 mot Romania, var Susann Goksør i ferd med å ta over den rolla i laget.
Pettersen deltok i 250 landskampar for Noreg og skåra 546 mål.
Merittar VM 1986: Bronsemedalje etter 23–19 mot Aust-Tyskland OL 1988: Sølvmedalje etter 20–23 mot Sør-Korea VM 1990: Nr 6 med Noreg OL 1992: Sølvmedalje etter 21–28 mot Sør-Korea VM 1993: Bronsemedalje etter 20–19 mot Romania
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Karin Pettersen» frå , den 4. desember 2016.
Kategori:Norske handballspelarar Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Noreg Kategori:Spelarar i Handball-VM 1986 for kvinner Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1988 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 1988 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 1988 Kategori:Spelarar i Handball-VM 1993 for kvinner Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1992 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 1992 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 1992 Kategori:Folk frå Frosta