Hanne Hegh () er ein norsk tidlegare handballspelar som vann VM-bronse i 1986 og OL-sølv 1988 med Noregs handballandslag for kvinner. Ho vann elles fire noregsmeisterskap og to seriemeisterskap med Gjerpen IF.
Hegh debuterte for Noreg 2. november 1979. Ho var kaptein på dei norske landslaga som vann bronsemedalje i handball-VM 1986 i Nederland og sølvmedalje under Sommar-OL 1988 i Seoul. Hegh deltok i si siste meisterskapsturnering ved handball-VM 1990. Ho var playmaker (spelesjef) i angrepsspelet og skåra 361 mål på sine 202 landskampar.
Med idrettslaget Gjerpen IF vann Hegh NM-finalen i 1985, 1986, 1990 og 1992 og seriemeisterskapen i 1991 og 1993.
Også dottera Emilie Hegh Arntzen har vunne meistertitlar med det norske handballandslaget.
Merittar VM 1986: Bronsemedalje etter 23–19 mot Aust-Tyskland OL 1988: Sølvmedalje etter 20–23 mot Sør-Korea VM 1990: Nr 6 med Noreg
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Hanne Hegh» frå , den 4. desember 2016.
Kategori:Norske handballspelarar Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Noreg Kategori:Spelarar i Handball-VM 1986 for kvinner Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1988 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 1988 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 1988