Kyrre Gørvell-Dahll (), betre kjent under artistnamnet Kygo, er ein EDM-musikar frå Fana i Bergen i Vestland. Han vart kjend gjennom nettstadene YouTube og Soundcloud, der han publiserte musikken sin og fekk over 400 millioner treff. Kygo bur i Sandviken i Bergen.
Bakgrunn Kyrre Gøvell-Dahl vart fødd i Singapore. Han begynte å ta pianotimar i ein alder av seks år. Då han var i ein alder mellom 15 eller 16 år slutta han med pianotimar, og begynte å produsere musikk på eiga hand gjennom dataprogrammet Logic Studio og eit MIDI-keyboard, i tillegg til å sjå lærevideoar på YouTube. Inspirasjonen til å laga EDM-musikk kom frå den svenske DJ-en Avicii.
Artistnamnet «Kygo» kjem frå brukarnamnet hans på skuleverktøyet itslearning, og er ei samantrekking av hans dei to første bokstavane i førenamnet og etternamnet hans.TV2.no - «Bergens-gutten «Kygo» lager millionhitsene på mormors piano» Besøkt 28. juli 2015.
Suksess Dei mest populære låtane Kygo har remixa er mellom anna Ed Sheeran sin «I See Fire», Marvin Gaye sin «Sexual Healing» og Ellie Goulding sin «High for This». I mai 2014 remixa han låta «Midnight» på oppdrag av Coldplay. Seinare same månaden nådde remixen hans av Seinabo Sey sin song «Younger» fyrsteplassen på VG-lista topp 20.«Norske Kygo topper VG-lista», VG 30. mai 2014 Kygo sin fyrste singel, «Firestone», klatra også til topps på VG-lista.«Kygo rett til topps på VG-lista», VG 12. desember 2014
«Stole the show» vart oppfylginga av «Firestone», som då blei ein stor hit både internasjonalt og nasjonalt. «Stole the Show» nådde også VG-lista topp 20. Kygo opptredde på EDM-festivalen Tomorrowland i juli 2014.TomorrowWorld 2014 | Kygo (YouTube) Han opptredde også på Ultra Music Festival i april 2015.https://soundcloud.com/jeeter-7/kygo-live-at-ultra-music-festival-live-stage-wmc-2015-miami-full-set-29-mar-2015
Kåringar Kygo vart kåra til Årets spellemann under Spellemannsprisen 2015 og vann i tillegg klassen årets låt for «Stole the Show». Han vart dessutan nomitert i klassane årets låt for «Firestone», årets musikkvideo for «Stole the Show», årets nykomling og årets produsent.
Kygo er den artisten som raskast har nådd éin milliard avspelingar på Spotify, i desember 2015. mini|Logoen til Kygo.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kygo» frå , den 16. januar 2017.
Kategori:Folk frå Bergen Kategori:Norske musikarar Kategori:Norske produsentar Kategori:Norske EDM-musikarar