Super Mario Odyssey er eit tredimensjonalt plattformspel som er utvikla av Nintendo EAD Tokyo til spelkonsollen Nintendo Switch. Spelet går føre seg i ulikt tematiserte opne verder som Mario kan utforske, på same vis som i Super Mario 64 til Nintendo 64 og Super Mario Sunshine til Nintendo GameCube. I Super Mario Odyssey kan Mario kaste hatten sin som ein bumerang. Hatten kan brukast som springbrett til å nå nye område, eller til å ta kontroll over andre figurar og objekt i spelet. Super Mario Odyssey vart gjeve ut 27. oktober 2017.

Kjelder

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Kategori:Dataspel frå 2017 Kategori:Nintendo Switch-spel Kategori:Plattformspel Kategori:Nintendo Entertainment Planning & Development-spel