Peter Ørger Pedersson Syltebø () var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Tresfjord i Romsdal. Han representerte Møre fylke og partiet Venstre på Stortinget i tida 1934-45.
Syltebø var son til ein gardbrukar. Han gjekk Romsdals amtsskule 1900/01 og Treiders handelsskule i Kristiania 1902/03. Frå 1903 til -09 arbeidde han på ei handelsforretning i Tresfjord. I 1909 tok han over eit gardsbruk på Øvstedal i Tresfjord, og dreiv dette sidan. Han hadde eit tillitsverv som revisor i Vestnes Sparebank 1910–1917.
Åra 1913-31 var Syltebø medlem i heradsstyret i Tresfjord, ordførar 1919-31. Han var formann i fylkesskulestyret i Møre og Romsdal frå 1930 til han vart avsett av NS-styret i juli 1942. Innsett att som fylkesskulestyre-formann i mai 1945.
Hausten 1933 vart Syltebø vald inn på Stortinget for Venstre, attvald i 1936. Den fyrste treårsbolken var han medlem i Skog- og vassdragskomiteen, frå 1937 var han med i Finans- og tollkomiteen. Frå 1936 var han medlem i hovudstyret til Noregs vassdrags- og elektrisitetsvesen.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Gravminne
Kategori:Stortingsrepresentantar for Møre og Romsdal Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Stortingsrepresentantar 1934-1936 Kategori:Stortingsrepresentantar 1937-1945 Kategori:Ordførarar i Tresfjord Kategori:Venstreordførarar i Møre og Romsdal Kategori:Folk frå Vestnes