Rolf Furuseth () var ein arbeidar og stortingsrepresentant frå Vestre Toten i Oppland. Han møtte på Stortinget for Arbeidarpartiet i tida 1969-81.
Furuseth var son til ein småbrukar. Sjølv var han sjåfør i 1937 og 1938. I 1939 fekk han seg arbeid på A/S Raufoss Ammunisjonsfabrikker, der han fyrst var tilsett i fabrikken og seinare arbeidde som maskinstillar og kontrollør.
Furuseth var aktiv i Arbeidarpartiet og medlem i heradsstyret i Vestre Toten i tida 1956-71. Han hadde gjennom åra ei mengd tillitsverv i Vestre Toten, i Oppland fylke og på nasjonalt nivå.
Hausten 1969 kneip Furuseth siste stortingsplassen frå Oppland fylke for Arbeidarpartiet. Sidan vart han attvald to gongar med god margin. Den fyrste fireårsperioden på Tinget var han medlem i Justiskomitéen, men etter attvalet i 1973 sat han i åtte år i Industrikomitéen.
Kjelder Stortingsbiografi
Kategori:Stortingsrepresentantar 1969-1973 Kategori:Stortingsrepresentantar 1973-1977 Kategori:Stortingsrepresentantar 1977-1981 Kategori:Folk frå Vestre Toten