Alf Gunnar Løvberg () var ein norsk målar frå Oslo.
Løvberg, som var son til ein orkestermusikar, var elev av Christian Krohg og Halfdan Strøm på Statens Kunstakademi i Oslo. Seinare gjekk han i lære hos Aksel Jørgensen i København og Marcel Gromaire i Paris.
Måleria til Løvberg er prega av store, strenge og enkle figurar og ofte einstonige fargar, særleg i grått og grønt. Bileta viser sterk påverknad frå dansk målarkunst, til dømes Vårkveld, eit verk frå 1946 i Nasjonalgalleriet i Oslo.
Kjelder Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1957 Store norske leksikon
Kategori:Norske målarar Kategori:Folk frå Oslo