«Burning Love» er ein song skriven av Dennis Linde og opphavleg spelt inn av countrysoul-artisten Arthur Alexander, som inkluderte songen i 1972 på albumet han kalla opp etter seg sjølv. Han vart kort tid etter spelt inn og gjort kjend av Elvis Presley, som fekk den største hitsingelen sin i USA sidan «Suspicious Minds» i 1969. Dette var den siste singelen som nådde topp 10 på American Hot 100 eller poplista.
Elvis Presley-versjonen Elvis Presley sin versjon vart langt meir populær enn originalversjonen, og kom ut på singel 1. august 1972, med B-sida «It's a Matter of Time». Singelen gjekk inn på topp 40 på countrylista og nådde 36. plassen der. Elvis hadde spelt inn songen i RCA sitt Hollywood-studio den 28. mars 1972. Dette vart den siste store hitten hans. Den elektrisk gitaren i opninga vart overdubba og spelt av Dennis Linde sjølv.
21. oktober 1972 gjekk «Burning Love» heilt til andreplassen på Billboard Hot 100, like bak Chuck Berry sin «My Ding-a-Ling». Songen gjekk derimot til topps på Cashbox's Top 40-lista 11. november det året, og han vart den 20. singelen som nådde toppen av ei liste i USA. Songen vart den 40. og siste Elvis klarte å få inn på topp 10 i USA. Det var òg ein av dei siste rockelåtane han spelte inn. Frå 1972 til 1977 fokuserte han mest på balladar, og fleire av desse gjekk inn på Billboard's Hot Country Singles-lista. «Burning Love» var eit av få unntak, i lag med «Promised Land» i 1974.
Han framførte songen på to store produksjonar: konsertfilmen Elvis on Tour (der han måtte ha tekstark fordi songen då var heilt ny for han), og seinare på Aloha from Hawaii.
Songen vart òg gjeven ut på albumet Burning Love and Hits from his Movies: Volume 2 den 1. november 1972. Trass i undertittelen var ingen av dei andre songane på albumet hittar.
Listeplasseringar Liste (1972)PlasseringCanada2USA2Irland6Storbritannia7Belgia17Nederland17Italia28Tyskland31Australia37Sveits72
Andre versjonar Black Grass gav ut songen på et album i 1973. Mother's Finest spelte inn songen i 1976 på albumet Another Mother Further. Doctor & The Medics spelte inn songen i 1987. Travis Tritt spelte inn songen for Honeymoon in Vegas i 1992. Melissa Etheridge spelte inn songen i 1994 for ei hyllest til Elvis. Denne kom ut på albumet It's Now or Never: The Tribute to Elvis. Bruce Springsteen spelte songen på konsertane sine i 1990-åra. Wynonna Judd spelte inn sin versjon for filmen Lilo & Stitch i 2002 og seinare på albumet What the World Needs Now Is Love. Café Quijano spelte inn ein spanskspråkleg versjon for filmen Lilo & Stitch i 2002. The 69 Eyes spelte inn ein versjon i 1992 for albumet Bump 'n' Grind The Residents spelte inn songen i 1989 på albumet deira The King & Eye. Hellstomper spelte inn ein versjon på Hillbilly Motherfucker. Eric Sardinas spelte inn songen i 2008 på albumetEric Sardinas and Big Motor. Amanda Lear spelte inn songen i 2014 på hyllestalbumet My Happiness.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Burning Love» frå , den 21. juni 2017. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:USA-amerikanske-songar Kategori:Singlar frå 1972 Kategori:Elvis Presley-songar Kategori:Melissa Etheridge-songar Kategori:Wynonna Judd-songar Kategori:Gene Summers-songar Kategori:Travis Tritt-songar Kategori:Songar på toppen av Billboard-lista Kategori:Songar skrivne av Dennis Linde Kategori:RCA Records-singlar Kategori:Webby Award winners Kategori:Arthur Alexander-songar Kategori:Songar om seksualitet