Martin Buvik () var ein norsk politikar frå Trondenes i Troms som representerte partiet Høgre på Stortinget frå 1965 til 1977 og var fylkesmann i Troms 1977-90.

Buvik var son til ein gardbrukar og fiskar. Etter middelskuleeksamen 1939 arbeidde han frå 1942 til -47 som folkeskulelærar i Skånland og Evenes. Sidan var han i to år distriktssekretær i Unge Høgre, medan han i tida 1948-65 var fylkessekretær for Troms Høgre. Han budde i Tromsøysund og var med i kommunestyret der i to periodar frå 1956. Etter kommunesamanslåing var han medlem i bystyret i Tromsø.

Frå hausten 1965 var Buvik stortingsrepresentant frå Troms. Med attval i 1969 og 1973 vart han verande på Stortinget i tre valperiodar. Den fyrste fireårsbolken var han medlem i Kyrkje- og undervisningskomiteen. Sidan var han tre sesjonar, 1969-72, med i Kommunalkomiteen og der etter i Kommunal- og miljøvernkomiteen 1972-77.

Buvik kunne i 1977 trekke sitt kandidatur til stortingsvalet då han allereie var utnemnd til fylkesmann i Troms, eit embete han hadde til 1990. Samstundes var han 1977-89 styreformann i Oljedirektoratet, 1980-87 leiar i Reindriftsstyret og 1986-92 formann i Norsk-finsk kulturfond. Åra 1984-86 og 1987-89 var han leiar av to ulike såkalla kommuneinndelingsutval. Frå 1990 til -92 var han både medlem i Forsvarskommisjonen av 1990 og leiar av Utvalet til å vurdere den sivile beredskapen.

Kjelder Stortingsbiografi

Kategori:Stortingsrepresentantar 1965-1969 Kategori:Stortingsrepresentantar 1969-1973 Kategori:Stortingsrepresentantar 1973-1977 Kategori:Folk frå Harstad