1969 var eit år i 1960-åra. Hendingar Utlandet 10. januar: Sverige godkjende Nord-Vietnam. 15. januar: Sovjetunionen skaut opp Sojuz 5. 16. januar: I Praha brende Jan Palach seg til døden i protest mot den sovjetiske okkupasjonen av Tsjekkoslovakia. 20. januar: Richard M. Nixon tok over som president i USA. 24. januar: Spania innførte unntakstilstand etter studentdemontrasjonar. 3. februar: Yasir Arafat vart leiar av PLO. 2. mars: Sovjetiske og kinesiske styrkar gjekk til regulær strid langs grenseelva Usuri. 16. mars: 155 menneske omkom då eit venezuelansk DC-9 like etter avgang styrtar i eit bustadområde i Maracaibo. 1.-24. april: Kinas kommunistiske parti avvikla sin 9. kongress. 17. april: Gustáv Husák tok over som fyrstesekretær for kommunistpartiet i Tsjekkoslovakia, då Alexander Dubcek vart fjerna frå stillinga. 25. mai: Thor Heyerdahl sin «Ra I»-ekspedisjon la ut frå Safi i Marokko. 15. juni: Georges Pompidou vart ny president i Frankrike etter Charles de Gaulle. 20. juni: Rhodesia vedtok ei ny grunnlov med rasedeling. 16. juli: Romskipet Apollo 11 vart skote opp frå Cape Kennedy i Florida. 18. juli: Mannskapet på «Ra I» forlte i åpen sjø 20. juli: Astronautane Neil Armstrong og Buzz Aldrin landar på Månen ombord i landingsfartyet «Eagle» som dei aller fyrste menneska, (21:17:40 norsk tid). 21. juli: Neil Armstrong vart det fyrste menneske som sette sin fot på månen (03:56 norsk tid). 14. august: Den britiske hæren vart sett inn for å stoppe gatekampar mellom katolikkar og protestantar i Belfast. 15. august: Woodstock-festivalen opna. 1. september: Oberst Muammar al-Gaddafi tok makta i Libya gjennom statskupp. 22. september: 13 menneske i Danmark og Sverige omkom i eit stomvêr, også i Rogaland gjorde uveret stor skade. 19. november: Apollo 12 gjennomførte den andre bemanna månelandinga 10. desember: Ein storstreik i Kiruna lammar drifta ved malmfelta i Nord-Sverige

Noreg 7. februar: Avisa Klassekampen kom ut med sitt fyrste nummer. 8. mars: Sju menneske omkom i eit snøras i Skårdalen i Oppdal. 23. mars: Per Lønning vart innsett som biskop i det nyoppretta Borg bispedømme. 6. april: Åtte personar frå same familien omkom då bilen deira kolliderte med toget ved Darbu stasjon. 22. april: Lova om ni-årig obligatorisk grunnskule vart vedteken i Odelstinget. Grunnskolen blir 9-årig. 1. mai: Seks menneske omkom då eit to-motors privatfly styrta i Drammen. 14. mai: Bybrann i Tromsø, fire kvartal lagt i oske. 13. juni: Lagtinget vedtok, med 18 mot 16 røyster, ei skattelov med 20% meirverdiavgift, såkalla moms. 17. juni: Stortinget vedtok med 108 mot 21 røyster å gje Oslo lysverker løyve til den mest omfattande utbygginga av vassdraga i Aurlandsdalen. 31. juli: Ni av 39 ombord i bulkskipet «Wenny» av Bergen omkom då skipet sokk i Norskehavet vest for Andøya, på veg til Mo i Rana med ein kollast frå Svalbard. 27. august: Noregs tre fyrste distriktshøgskular; Rogaland distriktshøgskole i Stavanger, Møre og Romsdal distriktshøgskole i Molde og Agder distriktshøgskole i Kristiansand, vart offisielt opna. 8. september: Stortingsvalet 1969. Regjeringskoalisjonen Høgre, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Venstre beheldt fleirtalet på Stortinget med 76 mandat. Arbeiderpartiet gjekk fram til 74 mandat. 26. september: Regjeringa innførte prisstopp på ei rekke varer og tenester. 20. november: Alle seks ombord på sandskuta «Sandbjørn» omkom då ho kantra og sokk utanfor Obrestad fyr på Jæren. 10. desember: Seks av dei elleve fiskarane ombord i linebåten «Ulstein 2» omkom då båten grunnstøytte i Rundesundet på Sunnmøre. 23. desember: Oljeselskapet Phillips Petroleum Company gjer kjent det aller fyrste oljefunnet i den norske delen av Nordsjøen Birger Hatlebakk grunnla Moxy.

Fødde mini|Michael Schumacher vart fødd 3. januar mini|Siv Jensen kom til verda 1. juni mini|Hanne Ørstavik vart fødd 28. november 1969

3. januar: Michael Schumacher, tysk raserbilsjåfør 13. januar: Stefania Belmondo, italiensk langrennsløper 10. februar: Linda Eide, norsk journalist 12. februar: Steve Backley, britisk spydkastar 24. mars: Stephan Eberharter, austerriksk alpinist 20. april: Felix Baumgartner, austerriksk fallskjermhoppar 24. mai: Erlend Loe, norsk forfattar 1. juni: Siv Jensen, norsk politiker 24. juni: Sissel Kyrkjebø, norsk songar 26. juni: Geir Moen, norsk friidrettsutøvar 23. juli: Stéphane Diagana, fransk friidrettutøvar 6. august: Elliott Smith, amerikansk musikar og låtskrivar 11. august: Atle Antonsen, norsk skodespelar 1. september: Henning Berg, norsk fotballspelar og -trenar 2. oktober: Trine Skei Grande, norsk politikar 22. november: Katrin Krabbe, tysk friidrettstutøvar 28. november: Hanne Ørstavik, norsk forfattar 29. november: Anniken Huitfeldt, norsk politikar 3. desember: Halvard Hanevold, norsk skiskyttar 11. desember: Viswanathan Anand, indisk sjakkspelar 20. desember: Kenji Ogiwara, japansk kombinertrennar 25. desember: Fred Børre Lundberg, norsk kombinertrennar 31. desember: Are Kalvø, norsk forfattar og programskapar

Døde mini|Krigsveteranar ved Hồ Chí Minh-mausoleet i Hanoi

11. januar: Lars Berg, norsk forfattar 24. februar: Johan B. Hjort, norsk jurist og politikar 28. mars: Dwight D. Eisenhower, USA-amerikansk president 19. mai: Coleman Hawkins, USA-amerikansk saksofonist 1. juni: Ivar Ballangrud, norsk skøyteløpar 3. juli: Brian Jones, britisk musikar 5. juli: Walter Gropius, tysk arkitekt 11. august: Egil Hjorth-Jenssen, norsk skodespelar 17. august: Ludwig Mies van der Rohe, tysk arkitekt 3. september: Hồ Chí Minh, statsleiar i Nord-Vietnam 26. september: Rikard Berge, norsk folkeminnegranskar 12. oktober: Sonja Henie, norsk kunstløpar og filmskodespelar