New Juke Box Hits er det femte studioalbumet til rock and roll-pioneren Chuck Berry. Det kom ut i mars 1961 på Chess Records. I motsetnad til dei fire førre albuma, var berre to av songane på albumet gjevne ut før på singlar. Albumet vart spelt inn og utgjeve medan Berry hadde juridiske problem, som førte til at han vart fengsla i 1962. Dårleg publisitet knytt til desse problema påverka platesalet negativt og verken av albumet eller singlane gjekk inn på salslistene. Det tok tre år før Berry gav ut eit nytt album, St. Louis to Liverpool.

«I'm Talking About You» vart seinare spelt inn av Rolling Stones for Out of Our Heads, og denne nådde andreplassen på den britiske singellista.

Innhald

Medverkande Chuck Berry — vokal, gitarar Johnnie Johnson — piano Reggie Boyd — bass Fred Below, Jaspar Thomas — trommer Leroy C. Davis — tenorsaksofon

Bakgrunnsstoff

Kategori:Chuck Berry-album Kategori:Musikkalbum frå 1961 Kategori:Chess Records-album Kategori:Engelskspråklege album Kategori:Album produserte av Leonard Chess Kategori:Album produserte av Phil Chess