Have Guitar Will Travel er det tredje studioalbumet til rock and roll-pioneren og bluesikonet Bo Diddley. Det kom ut på Checker Records i 1960.
På plateomslaget ser ein liknande visittkort som det Richard Boone-karakteren Paladin i Have Gun-Will Travel hadde og gav frå seg i kvar episode av serien.
Historie Songen «Cops and Robbers» kom ut singel på Checker i november 1956, men B-sida «Down Home Special» er ikkje med på dette albumet. Songen «Mona (I Need You Baby)» vart gjeve ut som B-sida til «Hey! Bo Diddley» i oktober 1957, medan A-sida var komen ut tidlegare, Bo Diddley i 1959. «Say Man, Back Again» vart gjeven ut på singel i november 1959 Resten av songane kom berre ut på albumet.
Coverversjonar Fleire av songane på Have Guitar Will Travel vart spelte inn av mange band i den britiske bølgja. «Cops and Robbers» vart spelt av The Rolling Stones, The Masters Apprentices, Wayne Fontana & the Mindbenders, Downliners Sect og George Thorogood.
Innhald
Medverkande I følgje plateomslaget Bo Diddley – vokal, gitar Jerome Green – vokal på «Say Man, Back Again», maracas, korvokal Peggy Jones – gitar, korvokal Willie Dixon – bass Clifton James – trommer Frank Kirkland – trommer Jody Williams – gitar Lafayette Leake – piano Lester Davenport – munnspel på «Spanish Guitar»
Salslister «Say Man, Back Again» nådde 23. plassen på R&B Singles-lista.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Have Guitar Will Travel (Bo Diddley album)» frå , den 10. juli 2017. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Bo Diddley-album Kategori:Musikkalbum frå 1960 Kategori:Checker Records-album Kategori:Engelskspråklege album Kategori:Album produserte av Bo Diddley Kategori:Chess Records-album Kategori:Album produserte av Phil Chess Kategori:Album produserte av Leonard Chess