The King of Rock and Roll var det andre studioalbumet Little Richard spelte inn for Reprise Records. Albumet kom ut i oktober 1971 og inneheld ein original Little Richard-song, gospel-rockesongen «In the Name» og ein ny song skriven i lag med produsenten H.B. Barnum, «Green Power». Sistnemnte vart gjeven ut på singel. I tillegg inneheld albumet songar av artistar så forskjellige som Hank Williams, The Temptations, Martha and the Vandellas, Three Dog Night og The Rolling Stones. Tittelsporet og albumet opnar med at Little Richard vert introdusert som ein konge og nemner artistar som Tom Jones, Elvis Presley, Ike & Tina Turner, Sly and the Family Stone og Aretha Franklin.

Mottaking Albumet fekk negativ omtale i Rolling Stone, der Vince Aletti skreiv «mykje av albumet er designa rundt prateprogram-personen og ikkje songaren, og gjev albumet ei kjensle av preike-ekstravaganse».http://www.rollingstone.com/music/albumreviews/little-richard-kings-of-rocknroll-series-19711125

Innhald

Medverkande Little Richard – vokal, elektrisk piano

Resten av musikarane er ikkje identifiserte.

Salslister Album ÅrListePlassering1971Billboard Pop Albums193

Kjelder Denne artikkelen bygger på «The King of Rock and Roll» frå , den 23. juli 2017. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1971 Kategori:Little Richard-album Kategori:Reprise Records-album