Fabiana de Almeida Murer () er ein brasiliansk tidlegare friidrettsutøvar som vart verdsmeister i stavhopp i 2011 og vann VM-sølv i øvinga i 2015.

mini|venstre|Fabiana Murer i 2015

Aktiv Murer vann i 2005 sin fyrste brasilianske meistertittel i stavhopp, men under VM 2005 rauk ho ut or tevlinga i kvalifiseringa. I 2006 forbetra ho den personlege rekorden frå 4,40 m til 4,66 m og var då søramerikansk rekordhaldar i stavhopp. Ho vann det året både den brasilianske og den ibero-amerikanske meisterskapen.

I 2007 forsvarte Murer den nasjonale meistertittelen og vart også søramerikansk meister, begge gongane svinga ho seg over 4,50 meter. Under dei panamerikanske leikane i Rio de Janeiro auka ho vinnarhøgda til 4,60 m. Ein månad seinare tok ho seg over 4,65 m og vart nummer seks ved verdsmeisterskapen i Osaka.

Den 29. juni 2008 forbetra Murer i São Paulo søramerikarekorden i stavhopp til 4,80 m. Ho presterte derimot langt under sitt beste ved OL i Beijing, der ho enda på tiandeplassen. I juni 2009 flytta ho den søramerikanske rekorden med to centimeter til 4,82 m.

Våren 2010 vann Murer stavhopp ved innandørs-VM i Doha framfor russiske Svetlana Feofanova, begge klarte 4,80 m. I juni same året forbetra Murer den søramerikanske rekorden til 4,85 m i spanske San Fernando. Sommarsesongen elles vann ho tre av dei seks stavhopptevlingane i Diamantserien (DL) og viste seg som den beste kvinnelege stavhopparen i sesongen.

Under verdsmeisterskapen 2011 i Daegu tangerte Murer den søramerikanske rekorden på 4,85 m og vart verdsmeister, den aller fyrste verdsmeisteren i friidrett frå Brasil. I 2013 enda ho på femteplassen i VM i Moskva med eit hopp på 4,65 m. Med 4,85 m tangerte ho nok ein gong sin eigen søramerikanske rekord då ho i Beijing-VM 2015 vann sølvmedaljen.

Den 3. juli 2016 gjorde Murer sitt livs høgste hopp under den brasilianske friidrettsmeisterskapen i São Bernardo do Campo, Med ny søramerikansk rekord lydande 4,87 meter markerte ho seg som ein av favorittane til Sommar-OL i Rio de Janeiro. Men seinare i same månaden var ho plaga av kraftige smertar i ryggen, og då ho prøvde seg direkte på 4,55 m i stav-kvalifiseringa under OL mislukkast ho i alle tre forsøka. Ho la deretter opp.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

VM 2005 i Helsinki: Utslått i kvalifiseringa (4,40 m =nr 15) VM 2007 i Osaka: Nr 6 – 4,65 m OL 2008 i Beijing: Nr 10 – 4,50 m VM 2009 i Berlin: Nr 5 – 4,55 m VM 2011 i Daegu: Gullmedalje – 4,85 m, framom Martina Strutz (4,80) OL 2012 i London: Utslått i kvalifiseringa (4,50 m =nr 15) VM 2013 i Moskva: Nr 5 – 4,65 m VM 2015 i Beijing: Sølvmedalje – 4,85 m, bakom Yarisley Silva (4,90) OL 2016 i Rio de Janeiro: Utslått i kvalifiseringa (-)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Fabiana Murer» frå , den 8. august 2017.

World Athletics

Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Brasil Kategori:Stavhopparar Kategori:Brasilianske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Brasilianske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Brasilianske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2005 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2007 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2009 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2011 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2013 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2015 Kategori:Folk frå Campinas