Kévin Mayer () er ein fransk mangekjempar frå Argenteuil, sidan 2018 verdsrekordhaldar i tikamp med 9 126 poeng. Han vart verdsmeister i tikamp i London i 2017 og i Eugene i 2022. Elles sikra han seg sølvmedalje i tikamp-tevlinga i så vel EM i friidrett 2014 som i sommar-OL 2016 og sommar-OL i 2021.
Aktiv Mayer vart fjerdemann i tikampen ved Moskva-VM 2013, etter å ha sett personleg rekord. I Friidretts-EM 2014 forbetra han rekorden sin til 8 521 poeng og fekk sølv. To år seinare flytta han sitt personbeste til sterke 8 834 poeng i Rio de Janeiro, men hamna likevel 59 poeng bak Ashton Eaton i kampen om OL-gullet. Under verdsmeisterskapen 2017 i London sanka Mayer 8 768 poeng og vart verdmeister med solid margin.
15. og 16. september 2018 hadde Mayer fullklaff i Decastar-tevlinga i Talence og sette verdsrekord i tikamp med 9 126 poeng. Etter å ha vore hemma av skadar i eit par år, kom han tilbake og sikra seg eit nytt OL-sølv i tikamp då sommarleikane i Tokyo vart avvikla i august 2021. Sommaren 2022 gjekk han heilt til topps i tikampen ved verdsmeisterskapen i USA, trass i at han ikkje var fullstendig skadefri.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 2012 i London: Nr 15 – 7 952 poeng VM 2013 i Moskva: Nr 4 – 8 446 poeng EM 2014 i Zürich: Sølvmedalje – 8 521 poeng, bakom Andrej Krautsjanka (8 616 poeng) OL 2016 i Rio de Janeiro: Sølvmedalje – 8 834 poeng, bakom Ashton Eaton (8 893 poeng) VM 2017 i London: Gullmedalje – 8 768 poeng, framom Rico Freimuth (8 654 poeng) EM 2018 i Berlin: Braut etter andre øvinga VM 2019 i Doha: Braut etter åttande øvinga OL i 2021 i Tokyo: Sølvmedalje – 8 726 poeng, bakom Damian Warner (9 018 poeng) VM 2022 i Eugene: Gullmedalje – 8 816 poeng, framom Pierce LePage (8 701 poeng) EM 2022 i München: Braut etter andre øvinga VM 2023 i Budapest: Braut etter fyrste øvinga EM 2024 i Roma: Nr 5 – 8 476 poeng
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kévin Mayer» frå , den 7. mai 2022.
Bakgrunnsstoff World Athletics
Kategori:Franske mangekjemparar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Frankrike Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Frankrike Kategori:Franske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2016 Kategori:Franske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2020 Kategori:Franske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2020