Memphis Beat er eit studioalbum av Jerry Lee Lewis. Det kom ut på Smash Records i 1966.

Innspeling Meir enn halvparten av songane på Memphis Beat vart spelte inn 5. og 6. januar 1966 i Phillips Studio i Memphis i Tennessee. Dei andre songane vart henta frå ei innspeling i New York City åtte månader tidlegare og frå den første innspelinga til Lewis for Smash i 1963. Albumet inneheld ein sjeldan Lewis-original, kalla «Lincoln Limousine», som var ei forvirra hyllest til John F. Kennedy. I boka si Jerry Lee Lewis: Lost and Found, skriv Joe Bonomo at songen er «rett og slett rar, så fleirtydig og amatøraktig skriven at det er umogeleg å sjå nøyaktig kva som motiverte han til å skrive songen.» Albumet inneheld òg «Too Young», ein piano-lounge-song som Bonomo rekna som «ein god latter» og «hysterisk ukomfortabel». Lewis gjer det betre på «Wine Spo-Dee-O-Dee» og George Jones-klassikaren «She Thinks I Still Care», men albumet inneheld ingen nye hittar.

Mottaking Etter Memphis Beat kom ut i mai 1966 nådde det berre 145. plassen på Billboard-lista, trass i solid marknadsføring frå Smash og ganske greie meldingar. Den kommersielle nedturen til Lewis fortsette fram til 1968, då han omsider klarte å bryte gjennom på countrylistene med Another Place, Another Time. I 2014 skreiv Lewis-biografiforfattaren Rick Bragg «Gjennom midten av 1960-åra spelte han inn det eine albumet etter det andre med andre folk sin musikk. Men ikkje noko av det var eigentleg nytt.» Bruce Eder frå AllMusic hylla albumet: «Etter ein skarp sving inn i country (og country-pop) med Country Songs for City Folks, kom Jerry Lee Lewis brølande attende med Memphis Beat i 1966, den hardaste rocken hans på mange år, og eit band så var så bra som noko anna han spelte med.»

Innhald

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Memphis Beat (Jerry Lee Lewis album)» frå , den 15. august 2017.

Kategori:Musikkalbum frå 1966 Kategori:Jerry Lee Lewis-album Kategori:Smash Records-album