Lilli Bendriss () er eit norsk spiritistisk medium, forfattar og TV-personlegdom frå Hareid. Bendriss er kjend for å ha vore med på TVNorge-programmet Åndenes makt som klårsynt gjennom alle tretten sesongane. Som forfattar gav ho, i 2010, ut bøkene Bevissthetsskiftet og Gaven.

I 2021 var Bendriss aktuell med serien Spøkelsesjegerne. Serien blir send på Discovery+ og går ut på at Bendriss og dei to youtuberene Robin Hofset og Victoria Skau reiser og besøkjer mellom anna Gamle Luster Sanatorium, Gamle Fredrikstad fengsel og Gamle Deichmanske bibliotek, for å jakta på spøkelse. Serien fekk terningkast 2 frå VG sin meldar som skildra serien som «ikke engang underholdende tøys».

Våren 2019 deltok ho i realityprogrammet Kjendis søker kjæreste på TV2.

Lilli Bendriss bur i Holmenkollen i Oslo.

Kjelder

Kategori:Folk frå Hareid Kategori:Norske forfattarar