Havstein kyrkje er ei langkyrkje frå 1857 på Havstein i Trondheim. Kyrkja vart teikna av Heinrich Ernst Schirmer og Wilhelm von HannoNorsk kunstnerleksikon om Schirmer. Von Hanno er rett nok ikkje nemnd i jubileumsboka om kyrkja. og innvigd 30. november 1857. I 1900 fekk kyrkja eit vesttårn i tre teikna av Gustav S. Olsen og oppført av byggmeister Erik Selnes. Kyrkja har 200 sitjeplassar.

Dette var den første kjende kyrkja på Byåsen. Kyrkja ligg i ei grøn lunge omgiven av åkrar tilhøyrande Havstein-gardane og av Havstein kyrkjegard. Kyrkja er hovudkyrkje i Sverresborg sokn, men i 2014 vart Sverresborg kyrkjesenter, ei arbeidskyrkje om lag ein kilometer unna, innvigd til bruk som kvardagskyrkje og kyrkjelydsenter.

Fotnotar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Havstein kirke» frå , den 14. september 2017.

Bakgrunnsstoff Trondheim byleksikon

Kategori:Kyrkjer i Trondheim Kategori:Kyrkjer i Byåsen prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1860-åra Kategori:Kulturminne i Trondheim