Kirkuk (kurdisk کەرکووک, Kerkûk, arabisk كركوك, Karkūk, tyrkisk Kerkük; gammalsyrisk ܟܪܟ ܣܠܘܟ ,ܟܪܟܘܟ Karkh-Selokh) er ein by i Kirkuk guvernement i Irak, 83 km sør for Erbil. Byen er hovudstad i Kirkuk guvernement.
Kirkuk ligg i eit vidt område med ein mangfaldig, fleirspråkleg folkesetnad. Det var dramatiske, demografiske endringar i Kirkuk på 1900-talet.Bet-Shlimon, Arbella. 2012. Group Identities, Oil, and the Local Political Domain in Kirkuk: A Historical Perspective. Journal of Urban History 38, no. 5. Kurdarar, tyrkarar, arabarar og assyrarar sette alle ned krav på området og alle hadde historiske årsaker som støtta kravet deira.
Byen ligg i ruinane av det originale Kirkuk citadell, som ligg der den assyriske oldtidsbyen Arrapha låg på 2000-talet fvt.,The Cambridge Ancient History – Page 17 by John Boardman nær elva Khasa. Byen er nemnt i den sumerisk-akkadiske perioden i Assyria i kileskriftkjelder frå kring 2400 fvt.William Gordon East, Oskar Hermann Khristian Spate (1961). The Changing Map of Asia: A Political Geography, 436 pages, s. 105 Regionen vart ein del av Det akkadiske riket (2335-2154 fvt.) som samla alle dei akkadisk- og sumerisktalande mesopotamiarane under ein herskar. Etter riket kollapsa tok dei språkisolerte gutianarane, eit før-iransk folk frå det gamle Iran, over regionen i fleire tiår, og gjorde Arrapha til hovudstaden sin, før dei vart kasta bort frå Mesopotamia av sumerarane under Det nysumeriske riket (2112-2004 fvt.). Byen vart seinare dominert av dei språkisolerte hurriane frå det austlege Anatolia før dei vart innlemma i Det gamle assyriske riket (2025-1750 fvt.). Etter dette vart Arrapha og heile det nordlege Mesopotamia, i lag med delar av det nordaustlege Syria og det søraustlege Tyrkia, ein del av sjølve Assyria. Seint på 1400-talet fvt. var Assyria og Arrapha under det kortvarige riket til Mitanni-Hurri, men etter at assyrarane styrta riket tidleg på 1300-talet fvt. tok dei igjen over styret. Arrapha vart verande ein assyrisk by fram til Det assyriske riket fall mellom 615 og 599 fvt. Etter dette vart han verande ein del av den provinsen Assyria under forskjellige utanlandske rike og mellom 100-talet fvt. og 200-talet evt. var han hovudstad i den nyassyriske staten Beth Garmai før denne vart erobra av sassanidane og vart ein del av Assuristan. Den arabiske, islamske erobringa på 600-talet førte til at Assyria vart oppløyst som geopolitisk stat.
Både kurdarar Claims in conflict: reversing ethnic cleansing in Nord-Irak, Human Rights Watch (Organization), Aug. 2004, Vol.16, 54. og tyrkarar har gjort krav på byen som kulturell hovudstad. Han vart kalla «senteret for irakisk kultur» av det irakiske kulturdepartementet i 2010. Byen består hovudsakleg av folk som identifiserer seg som kurdarar, arabarar, irakiske tyrkarar og assyrarar, og det var endringar i folketalet og folkesetnaden etter fallet til Saddam Hussein, den amerikanske invasjonen, og krigen mot Den islamske staten.
Namn Det forhistoriske namnet på Kirkuk var Arraphka som vart avleidd frå gamalhurrittisk og tydde truleg rett og slett «by».Kimmons, Sean: «Soldiers Help Preserve Archeological Sites» (PDF) I Partia-perioden er eit Korkura nemnd av den greske geografen Klaudios Ptolemaios. Det er trudd at han refererte til anten Kirkuk eller til Baba Gurgur som ligg rundt 5 km frå byen.Balfour, Edward (1976): Encyclopaedia Asiatica, Cosmo Publications, side 214 Under gresk herredømme var den kjent som Karkha D-Beit Slokh som tyder «Festninga til selevkidane sitt hus» på arameisk, lingua franca eller fellesspråket i området den fruktbare halvmåne på denne tida.Harrak, Amir (2005): The Acts of Mar Mari the Apostle (Writings from the Greco-Roman World), Society of Biblical Literature, ISBN 1589830938. Side 27.Comay, Joan (1978): The World's Greatest Story: The Epic of the Jewish People in Biblical Times, Henry Holt & Company Inc. Side 384.
Regionen rundt Kirkuk var i partia-perioden og under Sasanide-dynastiet kjent som Garmakan, noko som på kurdisk tyder «Det varme landet». På moderne kurdisk finst ordet «Garm» for varme.Talabany, Nouri (1999): «Iraq’s Policy of Ethnic Cleansing: Onslaught to change national/demographic characteristics of the Kirkuk Region». Namnet er enno nytta av kurdarar i forma Garmian som har same tyding.
Frå 800-talet evt., då muslimske arabarar erobra området, og fram til mellomalderen, brukte arabiske skribentar namnet Kirkheni (i tydinga festning eller citadell) for å referere til byen.Abdulla, Mufid: Kirkuk and its dependencies: Historically part of Kurdistan – II Ein del arabarar nyttar namna Bajermi eller Jermakan som begge er semittiske variasjonar av iranske «Garmakan».
I 1927 vart det funnet eit stykke kileskrift ved foten av Kirkukfestninga som hevda at byen Erekha av Babylonia var på det same staden som Kirkuk. Andre kjelder vurderte at Erekha ganske enkelt var ein del av ein større metropolis av Arrapha.
Historie Opphavleg vart byen grunnlagt av fjellfolket hurrittar. Han var kjend som Karda, Qurtie eller Guti av folk som budde i dei lågareliggande områda i det sørlege Mesopotamia. Under oldtidsnamnet Arraphkha vart Kirkuk hovudstad i kongedømmet Gutium, noko som er –t i kileskriftkjelder frå rundt 2400 fvt.East, William Gordon, Spate, Oskar Hermann Khristian (1961): The Changing Map of Asia: A Political Geography, side 105
Det vesle hurrittiske kongedømmet Arraphka der dagens Kirkuk var hovudstad, var lokalisert i den søraustlege delen av området, og var dominert av det iranske riket Mitanni.Chahin, M. (1997): Before the Greeks, Lutterworth Pr., s. 77. Opprøret til Assyria mot Mittani førte truleg til at Arraphka òg fall på 1300-talet fvt. og bidrog til Mittani braut saman. Byen blømde mest på 1000-talet og 900-talet fvt. under assyrisk styre. Likevel vart Assyria på 500-talet f.Kr. erobra av ein samanslutning av medarar, hurrittiske stammefolk og babylonarar.Edwards, E. S.; Boardman, John; Bury, John B.; Cook, S. A.: The Cambridge Ancient History, ss. 178-179. Etter at Akamenide-dynastiet hadde lagt regionen under sin kontroll vart Kirkuk hovudstad i eit lokalt rike kalla Garmakan.
Arabiske muslimar invaderte Sasanideriket på 600-talet evt. Hovudbølgja av turkmenarar kom til Kirkuk under ummayidane og seinare under Abbasi-kalifatet som militære rekruttar. Fleire turkmenarar kom til Kirkuk då seldsjukkane sette til livs Irak i 1055. Fram til slutten av 1300-talet vart Kirkuk stort sett administrert frå og handla med byen Daquq, og desse to byane var òg begge i kontakt med Arbil (no hovudstad i irakisk Kurdistan) og Sharazor. I mellomalderen var byen ein del av – og sidan 1500-talet hovudstad i – det gamle provinssystemet vilayet til Sharazor som enno er viktig for Kurdistans økonomi. Som del av det tyrkiske emiratet Kara Koyunlu (1375–1468) fekk byen namnet Kirkuk.
I 1959 oppstod det blodige opptøyar i Kirkuk under det irakiske kommunistpartiet (ICP) sin 1. mai-demonstrasjon, og det utvikla seg gatekampar som fekk ein etnisk karakter. ICPs hovudsakleg kurdiske tilhengarar drap eller skadde hundrevis av turkmenarar.Tripp, Charles (2002): A History of Iraq. Cambridge University Press. ISBN 052152900X. S 157-158 Denne hendinga fekk seinare nemninga Kirkukmassakren i 1959.Marr, Phebe (2004): The Modern History of Iraq, Westview Press, s. 34 Saddam reiste seinare statuar i Kirkuk av to turkmenarar som vart drepne av kurdarar, truleg for å auka spenninga mellom dei to folkegruppene.
Den store bølgja av arabisk innvandring skjedde under Bad'athstyret som relokaliserte tusen av arabiske familiar frå sørlege Irak til byen Kirkuk, og forviste tusen av turkmenske og kurdiske familiar i ein prosess som er kjent som arabisering (taarib). Under Baathregimet sin anfal-kampanje mot kurdarane i 1986-89, var Garmianområdet åstad for nokon av dei vondaste overgrepa; mange landsbyar med kurdiske innbyggjarar vart totalt utsletta.
Ifølgje den irakiske presidenten Jalal Talabi, som sjølv er kurdar, var turkmenarane i Kirkuk den meste undertrykte gruppa i Irak under regimet til Saddam Hussein.
Kirkuk er eit viktig senter for kultur for både turkmenarar og kurdarar; mange turkmenske og kurdiske forfattarar og kunstnarar har vore frå Kirkuk. Intellektuelle frå Kirkuk deltok i 1946 i danninga av Kurdistans demokratiske parti, seinare har kurdarar frå Kirkukområdet gjerne støtta PUK (Kurdistans patriotiske union).
Fleire turkmenske bydelar og landsbyar vart angripe av kurdiske styrkar under krigen i 2003. Kurdiske tryggleikstyrkar har sidan arrestert hundrevis av arabarar og turkmenarar. Fleire av dei har vorte torturert.
11. juni 2014 trekte den irakiske regjeringa sine styrkar ut av Kirkuk, som var truga av den islamistiske geriljaorganisasjonen ISIL. Kurdiske pesjmerga-styrkar tok kontrollen over byen og området rundt.
Oljeutvinning I Kirkuk og området rundt finst nokre av dei største oljeførekomstane i verda, berekna til om lag ni milliardar fat. Kommersiell utvinning vart sett i gang av Iraq Petroleum Company (IPC) i 1927. Det ligg fleire store oljeraffineri i Kirkuk. Oljeleidningar fører olja til Middelhavet gjennom Tyrkia og til Basra ved Persiagulfen.
Brønnane rundt Kirkuk står i dag for størstedelen av den irakiske oljeproduksjonen, rundt ein million fat per dag.
Klima Kirkuk har eit heitt halvtørt klima (Köppen si klimaklassifisering: BSh) med ekstremt varme og tørre somrar, og kjølige, noko regnfulle vintrar. Snø er sjeldan, men det fall snø her 22. februar 2004, og 10. og 11. januar 2008.
Folkesetnad Kirkuk har ein blanda folkesetnad som hovudsakleg omfattar turkmenarar, kurdarar og arabarar og eit mindre tal av assyrarar. Sjølve byen fekk i seldsjukk-tida ein stor turkmensk folkesetnad, medan landsbygda i regionen var folkesett av kurdarar og ein del assyrarar.Aina.orgLandinfo (PDF) Både turkmensk, kurdisk og arabisk har hatt status som offisielle språk i Kirkuk i mange tiår og alle tre er per i dag blant dei offisielle språka i Kirkuk og viser mangfaldet i regionen.http://www.todayszaman.com/newsDetail_getNewsById.action?load=detay&link=162119
På 1900-talet prøvde styresmaktene i Bagdad å styrkja innslaget av arabarar. Etter at oljeutvinning vart sett i gang har dei arabiske regjeringane i Bagdad systematisk fordrive kurdarar og turkmenarar. Arabiske arbeidarar frå andre delar av landet har i stort mengd vorte betalt av regjeringa for å flytta til Kirkuk og har vorte sysselsett i oljeindustrien. Under Saddam Hussein sitt regime på 1980-talet skaut denne arabiseringa fart. Kurdarar og turkmenarar vart dessutan pressa til å registrera seg som «arabarar». Kurdisk og turkmensk vart forbode i alle offentlege samanhengar.
Den meste pålitelege kjelda om Kirkuk er folketeljinga frå 1957. 41 % av folkesetnaden i provinsen Kirkuk oppgav å ha tyrkisk/turkmensk som morsmål; 25 % oppgav kurdisk medan 30 % var arabisktalande.Anderson, Liam D.; Stansfield, Gareth R. V. (2009), Crisis in Kirkuk: The Ethnopolitics of Conflict and Compromise, University of Pennsylvania Press, ISBN 0-8122-4176-2I side 43Phillips, David L. (2006), Losing Iraq: Inside the Postwar Reconstruction Fiasco, Basic Books, ISBN 0-465-05681-4 side 152
1997 var tala 72 % arabisk, 21 % kurdisk og berre 7 % turkmensk.Andersson & Stansfield (2009), s. 43 Turkmenarane var den største etniske gruppa i sjølve byen Kirkuk, medan kurdarane var størst i fleire av områda rundt byen. Arabarane var då nest størst i områda rundt og tredje størst i sjølve byen Kirkuk.Dagbladet Vi har aldri vært nærmere krig, 29. juli 2009