Barend Graat ()Barend Graat i RKD var ein biletkunstnar under den nederlandske gullalderen. Han måla, teikna og trykka landskap, historiske bilde, altarbilde og portrett.
Liv mini|venstre|Den fortapte sonen (De verloren zoon), 1661
Barend Graat blei døypt i Nieuwe Kerk i Amsterdam.Amsterdam City Archive Ifølgje Arnold Houbraken lærte Graat å måla av onkelen sin, Hans eller Hand Bodt.
I 1660 gifta han seg med ei ung enkje. Han hadde førebudd ei reise til Italia, men bestemte seg for å ikkje utføra henne. I 1664 kjøpte han ei tomt og bygde eit hus ved Leidsegracht.Amsterdam City Archive (daud lenkje) I 1668 og 1670 hadde han to døtrer døypte i ei schuilkerk (løynd kyrkje).Amsterdam City Archive (daud lenkje)Amsterdam City Archive (daud lenkje)
Graat hadde band til den katolske diktaren og dramatikaren Jan Vos.Hut, M. van der (2010) Schilder Barend Graat en zijn model Jannitje Barents. I Amstelodamum, s. 34-38.
I 1672 var han ein av fleire målarar som studerte og autentiserte ei samling måleri seld av Gerrit Uylenburgh. I femten år dreiv han ein skule i huset sitt..Letje Lips (2009), s. 19
Graat blei 81 år gammal. Nevøen hans Matthijs Pool gifta seg med ei av Graat sine døtrer i 1708. Han graverte teikningar som Graat hadde gjort av elfenbeinskulpturar utført av Francis de Bossuit, og gav desse ut i 1727.
Virke
Graat signerte verka sine B. Graat fecit. Han fekk opplæring i landskaps- og dyremåleri, men merka seg seinare ut med sjangermåleri, historiske måleri og portrett av familiane til rike handelsfolk frå Amsterdam. Han reiste aldri til Italia, men blei likevel dyktig til å laga små italienske landskap og sjangermåleri i stilen til Pieter van Laer. Barend Graat biography in De groote schouburgh der Nederlantsche konstschilders en schilderessen (1718) av Arnold Houbraken
Han var aktiv som dekorativ målar, og laga grisaille-måleri og stykke over kaminen for leiande familiar i Amsterdam. Mange av dei er bevarte til i dag.
Amsterdams Historisch Museum har ein Allegori av omsorg måla av Graat i samlinga si, etter eit emblem av Cesare Ripa.Allegorie op de Verzorging in het Oude Mannen- en Vrouwengasthuis, 1685 on the AHM website
Galleri
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Barend Graat» frå , den 1. november 2017.
Bakgrunnsstoff
Måleri av Graat ved Artnet.com
Kategori:Nederlandske målarar Kategori:Folk frå Amsterdam Kategori:Den nederlandske gullalderen