Ragnhild Haga () er ein norsk langrennar frå Holter i Nannestad kommune. Ho vart olympisk meister på 15 km og i 4 x 10 km stafett under Vinter-OL 2018. Haga har elles vunne ein verdscupsiger i finske Ruka der ho 26.11.2017 hadde beste tid i 15 km punktstart.
Haga var i 2009-sesongen med på IL Heming sitt stafettlag som vann NM-stafetten på Gjøvik, med saman med Tuva Toftdahl og Astrid Jacobsen. Fem år seinare gjentok dei same tre utøvarane prestasjonen under NM 2014 på Lillehammer. Vinteren 2011 vann Haga 5-kilometeren då junior-VM fann stad i estiske Otepää. Ho byrja nærja nærme seg verdstoppen i langrenn i 2015-sesongen, ein sesong der ho vart nummer fire i Tour de ski.
Haga debuterte i verdsmeisterskap på ski den 4. mars 2017 og vart nummer fire på tremila, einast slått av landskvinnene Marit Bjørgen, Heidi Weng og Astrid Jacobsen. 26. november 2017 vann Haga den innlagde punktstarten då Ruka-turneringa i Finland vart avslutta med 15 km jaktstart.
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 2010: Nr 9 på 10 km i Stokke Ski-NM 2011: – Ski-NM 2012: Nr 9 på 10 km på Voss Ski-NM 2013: Nr 13 på 30 km på Løten Ski-NM 2014: Nr 7 på 15 km på Lillehammer Ski-NM 2015: Nr 4 på 15 km på Røros Ski-NM 2016: Bronsemedalje på 15 km i Tromsø Ski-NM 2017: Nr 4 på 15 km på Gran Ski-NM 2018: Gullmedalje på 30 km, bronse på 5 km, 10 km og 15 km Ski-NM 2019: Nr 8 på 15 km i Meråker Ski-NM 2020: Nr 4 på 10 km i Drammen Ski-NM 2021: Sølvmedalje på 10 km i [Trondheim]] Ski-NM 2022: Sølvmedalje på 15 km på Gran Ski-NM 2023:
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ragnhild Haga» frå , den 20. desember 2017.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske langrennsløparar Kategori:Norske orienteringsløparar Kategori:Noregsmeistrar i langrenn Kategori:Olympiske meistrar for Noreg Kategori:Olympiske medaljevinnarar i langrenn Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2018 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 2018 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 2018 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 2022 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 2022 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2017 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2019 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2021 Kategori:Folk frå Nannestad