Valentina Sergejevna Stenina, fødd Miloslalova, () er ein tidlegare skeiseløpar frå Babrujsk som representerte Sovjetunionen. Ho vart verdsmeister på lengdeløpsskeiser i 1960, 1961 og 1962, og var gift med Boris Stenin.

Stenina fekk sin internasjonale meisterskapsdebut i VM 1959 i Sverdlovsk, der ho vart nummer to etter landskvinna Tamara Rylova. Året etter var rollene omsnudd då VM 1960 fann stad i Östersund. Ein månad seinare tok Stenina sølvmedaljen på 3 000 meter under Vinter-OL 1960, bak landskvinna Lidija Skoblikova. Vinteren 1961 forsvarte Stenina VM-tittelen i Tønsberg, etter å ha vunne dei tre kortaste distansane. Etter eit nytt OL-sølv bak Skoblikova på 3 000 meter i 1964, kleiv ho opp på sølvplassen ved skeise-VM 1965 i finske Uleåborg. Stenina vart verdsmeister for tredje gong i 1966. På Øya stadion i Trondheim sikra ho seg laurbærkransen utan å ha vunne ein einaste distanse, men etter å ha vore på pallen i samtlege fire.

Stenina vart sovjetisk meister fire gongar: 1961, 1965-67. Ho la opp i 1968.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Valentina Stenina» frå , den 7. januar 2018.

Kategori:Sovjetiske skeiseløparar Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1960 Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1960 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1960 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1964 Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1964 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1964