mini|Dei registrerte kosakkane sitt flagg. Kosakk-registeret i Russland (russisk Государственный реестр казачьих обществ) er sidan 1995 tillate friviljuge organisasjonar med kosakktradisjonar som har teke på seg å utføre ymse tenester for allmugen, men likevel ikkje kan setje opp militære eller paramilitære forband.
Kosakk-registeret Gjennom ei føderal lov av 2005 vert ein kosakk definert som ein russisk innbyggar som er medlem i eit godkjent kosakksamfunn. Ein kosakk som reknar seg sjølv som kosakk, men som ikkje er registrert i Kosakk-registeret, har ikkje rett til å utføre tenester for allmugen med den statusen og rettane som dette fører med seg.
Verksemd Kosakk-samfunna si verksemd er i høve lova definerte slik: Organisera militærpatriotisk utdanning av komande vernepliktige som høyrer til i kosakk-samfunna, førebu dei for den ålmenne verneplikta og vidareutdanna dei til militærreserven. Delta i verksemder for å førebygga og eliminere verknaden frå ulukker og naturkatastrofar som del av sivilforsvaret, territorialforsvaret og miljøvernet. Medverka ved oppretthalding av ålmenn orden, tilsyn av miljø- og brandtryggleik, vern av statsgrensa og delta i kampen mot terrorismen. Utføre andre oppgåver etter avtale med sivile eller militære mynder på sentralt, regionalt og kommunalt nivå.
Organisasjon Den høgste leiaren for kosakkane si verksemd er presidenten av Russland. Forvaltningsmynde er «Kosakkådet under presidenten i Den russiske føderasjonen».
Kosakk-samfunna er organiserte med desse elementa: Lokale samfunn i byar, stanitser og landsbyar. Kosakk-samfunn på kommunalt (rajon) nivå. Kosakk-samfunn på kretsnivå. 11 registrerte kosakk-samfunn på arménivå.
Kosakk-samfunn er oppbyggde etter prinsippet om demokratisk sentralisme.
Uniformer og utrustning Registrerte kosakker har visse særrettar, som å verte tildelte tenestegrader og å bera gradsmerke, utmerkjestegn, kosakkuniformer og nagajkar (pisk), sablar og dolkar og i visse sammanhengar skytevåpen. OrganisasjonsteiknKosakk-samfunnUniformHovudstad120px|centerVolga-kosakkarmé 180px|centerSamara120px|centerSibirisk-kosakkarmé180px|centerOmsk120px|centerBajkal-kosakkarmé180px|center Tsjita120px|centerTerek-kosakkarméTerek-kosakkar180px|centerStavropol120px|centerUssuri-kosakkarmé180px|center Vladivostok120px|centerDon-kosakkarméDonkosakker180px|centerNovotsjerkassk120px|centerJenisij-kosakkarmé180px|centerKrasnojarsk120px|centerOrenburg-kosakkarmé180px|center Orenburg120px|centerKuban-kosakkarmé180px|center Krasnodar120px|centerIrkutsk-kosakkarmé180px|centerIrkutsk120px|centerSentrale kosakkarmé180px|centerMoskva
Kosakkane sine tenestegrader 60px 60px 60px 60px 60px 60px 60px 60px Kasák Prikásni Mládsji urjádnik Urjádnik Stársji urjádnik Mládsji váchmistr Váchmistr Stársji váchmistr 60px 60px 60px 60px 60px 60px 60px 60px
60px 60px 60px 60px 60px 60px 60px 60px Podchorúnsji Chorúnsji Sótnik Podjésaul Jesaúl Vojskovoj starsjiná Kazájitj polkóvnik Kazátjij general 60px 60px 60px 60px 60px 60px 60px 60px
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kosacksamfälligheter i Ryska federationen» frå , den 26. januar 2018.
Kategori:Kosakkar Kategori:Russisk samfunn