Erwina Lilia Ryś-Ferens () var ein polsk skeiseløpar frå Elbląg som vann to bronsemedaljar i sprint-VM og ein i firkamp-VM. Ho var frå 1977 gift med skeiseløparen Krzysztof Ferens.

Erwina Ryś-Ferens deltok i internasjonale meisterskap frå 1972 til og med 1989. Ho vann i 1974 juniormeisterskapen og kom på femteplass i firkamp-VM 1974 i Heerenveen. Både i 1978 og 1985 tok ho tredjeplassen i sprint-VM. I 1988 gjorde ho sin beste prestasjon i eit firkamp-VM då ho i Skien vart slått einast av verdsmeister Karin Kania-Enke og Yvonne van Gennip. Ryś-Ferens tok del i samtlege fire olympiske vinterleikar 1976-88, der ho som best oppnådde ein femteplass i såvel 1980, 1984 som 1988.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Polske skeiseløparar Kategori:Polske deltakarar under vinter-OL 1976 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1976 Kategori:Polske deltakarar under vinter-OL 1980 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1980 Kategori:Polske deltakarar under vinter-OL 1984 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1984 Kategori:Polske deltakarar under vinter-OL 1988 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1988