Folkeskule var tidlegare nemninga på den offentlege sjuårige skulen i Noreg. Nemninga blir framleis brukt i Danmark (folkeskole) og på Færøyane (fólkaskúli). Ho har tidlegare også vore brukt om grunnskulen i Austerrike, Sveits og Tyskland (Volksschule) og i Sverige (folkskola).
I tida 1739–1889 var folkeskulen kjend som allmugeskulen. Folkeskulen blei innført ved Lov om folkeskolen av 1889. Ein delte han inn i ein landsfolkeskule og ein byfolkeskule med kvar sine lover fram til 1959. Ved lov om grunnskolen av 1969 blei namnet endra til grunnskolen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Folkeskole» frå , den 5. april 2018.
Bakgrunnsstoff Litteratur Fossen, Anders Bjarne: Bergen bys historie, bind II. Borgerskapets by 1536-1800. Bergen 1979 Geelmuyden, Carl og Schetelig, Haakon: Bergen 1814-1914 bind II. Bergen 1915 Grankvist, Rolf: Utsyn over norsk skole. Norsk utdanning gjennom 1000 år. Trondheim 2000 Hoprekstad, Olav: Fattigskule ålmugeskule og lærarstand i Bergen fram til 1889. 1950 Høigård, Einar og Ruge, Herman: Den norske skoles historie. Oslo 1947
Nettstader Folkeskolen - oppslagsverket oVe, artikkel av Ine Merete Baadsvik, Bergen Byarkiv. Bergen Byarkiv Bergen skolemuseum
Kategori:Utdanning i Noreg Kategori:Utdanning i Danmark