«Jennifer Eccles» er ein song frå 1968 av The Hollies. Songen kom ut på singel med B-sida «Open Up Your Eyes» på Parlophone. Songen nådde sjuandeplassen på UK singles chart i mars 1968. Kring samstundes vart songen gjeven ut i USA med ei anna B-side, «Try It», og nådde 40. plassen på Billboard Hot 100. Songen vart skriven av medlemmar i bandet med hjelp frå konene deira etter at dei vart kritiserte for «King Midas in Reverse», der dei hadde teke ei anna musikalsk retning. Med denne songen gjekk dei attende til det vanlege formatet deira.
Jennifer Eccles vert òg nemnt i songen «Lily the Pink» av The Scaffold, som Graham Nash song korvokal på etter han slutta i The Hollies i desember 1968. Nash var gift med Rose Eccles frå 1964 til 1966.
Salslister Liste (1968)PlasseringAustralia (Go-Set)10Austerrike (Den austerrikske singellista)5Canada (RPM Magazine)19Nederland (Den nederlandske singellista)17Noreg (VG-lista)5Storbritannia (UK Singles Chart)7Billboard Hot 10040
Andre versjonar
E gav ut ein versjon av songen på hyllestalbumet til The Hollies, Sing Hollies in Reverse, og seinare kom songen ut som ein Eels-singel på «Souljacker Part I» og på albumet Useless Trinkets.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Jennifer Eccles» frå , den 22. mars 2018. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Songar frå 1968 Kategori:Singlar frå 1968 Kategori:The Hollies-songar Kategori:Parlophone-singlar Kategori:Songar skrivne av Graham Nash Kategori:Songar skrivne av Allan Clarke Kategori:Eels-songar